Nesten berre menn døyr på moped

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå 2001 til og med juli i år har 51 nordmenn omkome på moped. 48 var menn, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Hittil i år har fire mopedistar mista livet, tre av dei menn.

– Når det først går verkeleg gale, er det ofte ein ung mann som køyrer. Gutar og menn står òg for dei mest alvorlege skadene i tala våre, seier rådgjevande lege Marit Krohg i If Skadeforsikring.

Tala til forsikringsselskapet for personskadar på moped dei fire siste åra viser at gutar har ein skadetopp om sommaren. Jentene har sin på hausten.

– Særleg i september skader mange jenter deg på moped, faktisk dobbelt så mange som i ein gjennomsnittleg sommermånad. Skadene i september skjer særleg i vekedagene, og helst på morgonen og ettermiddagen. Auken synest difor i stor grad å vere knytt til bruk av moped til og frå skulen, seier Krogh til Newswire.no.

Hovud og nakke
Frå 2004 har det vore ein halvering i mopedulukker både hos kvinner og menn, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. I fjor vart 353 skadde. Ved utgangen av juli i år hadde talet på skader kome opp i 172.

LES MEIR OM TRAFIKKTRYGGLEIK!

Det finst ikkje gode tal på kven som køyrer mest moped, men sett i tilhøve til kor mange gutar og jenter som tek mopedlappen er skadetalet jamt fordelt på kjønn.

– Skader i bein og armar utgjer godt over halvparten av skadetilfella hos begge kjønn. Jentene har likevel ein noko høgare del hovud- og nakkeskader enn gutane, seier Krohg.

Aldersgruppen 16-19 år står for 70 prosent av skadane hos jentene og 64 prosent av skadane hos gutane, viser If-tala.

– Heldigvis er dei fleste skadane lite alvorlege, utan behov for sykehusinnlegging, seier ho.

Byt visir
Rundt ein tredjedel av personskadane på moped skjer utan at andre kjøretøy er involvert, det vil seie som følgje av skrens eller utforkøyring, viser tala frå If. Ein fjerdedel skuldast samanstøt i vegkryss.

– I byar dreier det seg i svært stor grad om den siste kategorien, er røynsla vår. Unge mopedistar har ein tendens til ikkje å avpasse farten opp mot kryss. Det er full gass heilt til det er full stopp, seier Roger Dalsaune, leiar for faggruppe klasse A og M i Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund.

LES OGSÅ: – Bilen må ta rattet frå menneska

Sjølv om ein moped ikkje har lov til å køyre fortare enn 45 kilometer i timen, meiner han mange trygt kan bli flinkare til å avpasse farten etter tilhøva. Om hausten bør fleire òg bli flinkare til å sjekke at lysa virkar som dei skal.

– I august og september seier vi til alle elevane at det er på tide å byte visir på hjelmen. Når støv og insekt blir gnide vekk med fingrane gjennom ein heil sommar, blir den klare plasten etter kvart mindre klar, seier Dalsaune.