Studentar tapar i valkampen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når politikarane veit at veldig få studentar røystar her i Bergen blir konsekvensen at studentsaker ikkje får den merksemda dei hadde fortent, seier Erlend Horn, masterstudent ved Universitetet i Bergen og Venstre sin andrekandidat i Bergen ved årets kommuneval.

Tal frå Lånekassa viser at 62 prosent av alle studentar i høgare utdanning i Bergen er folkeregistrert i ein annan kommune. Dette inneber at majoriteten av studentane ikkje kan røyste i byen dei bur i. Studentar utgjer heller ikkje meir enn 4,1 prosent av talet på stemmeføre i Bergen.

– Eg har snakka med mange studentar som er oppgjeve over at dei ikkje kan røyste i Bergen fordi dei ikkje er folkeregistrert her. Dei har ikkje snøring på kva som skjer i heimkommunen, og ynskjer i staden å kunne vere med å forme politikken i Bergen, fortel Horn.

Bustad og busskort
Horn har lang fartstid innanfor studentpolitikken og er i dag den studenten med høgast plassering på dei partipolitiske listene i Bergen. Han fortel at det ofte er ein kamp for unge politikarar å fremje studentrelaterte saker i lokalpolitikken.

– Den låge mengda studentar som røystar i Bergen påverkar strategien over kva for saker som blir prioritert i valkampen. Det medfører òg reelle maktkonsekvenser når parti som fremjar studentsaker ikkje blir røysta fram, seier Horn.

Horn får støtte frå leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), Kim Kantadjiev.

– Vi har store utfordringar når det kjem til studentbustader. Kollektivtransport er òg noko politikarane burde vere meir oppteke av. Studentsaker blir nesten i urovekkjande grad oversett av politikarane, meiner Kantadjiev.

Mister reisestøtte
Problemstillinga rundt at mange studentar ikkje melder flytting og dermed ikkje kan røyste der dei bur, er ikkje ny. Reglementa til lånekassa knytt til reisestøtte blir ofte trekt fram som ei av hovudårsakene til at mange vel å halde adresse i heimkommunen. Dersom studentar vel å endre adresse til nytt studiested kan det innebere eit tap på opp til 7250 kroner for den einskilde studenten per undervisningsår.

No ser det nye arbeidsutvalet i NSO på høve for å endre på dagens ordning.

– Vi synst det er uheldig at det ikkje er eit skilje mellom det å vere folkeregistrert i ein kommune og i kva grad du skal motta reisestipend eller ikkje. Det burde ikkje koste pengar å få røyste, seier Kantadjiev.

– Alle er samde om at det er eit demokratisk prinsipp at viss du blir påverka av ein politikk, må du òg kunne ha høve til å påverke politikken som blir ført, fortset han.

– Eit individuelt val
Informasjonssjef Egil Knudsen i Kunnskapsdepartementet seier at dei er kjent med problematikken, men meiner konsekvensane ved å endre dagens regelverk blir så omfattande at det er uaktuelt å gjere noko med.

– Det er eit val heilt opp til den einskilde å registrere seg i heimkommunen og røyste der, eller melde flytting til nytt studiested og missa reisestøtta. Sånn må det òg vere, seier Knudsen.

– Men kva med studentar som ynskjer å påverke politikken i det staden dei bur under studietida, men som ikkje ynskjer å miste reisestøtta?

– Til de vil eg seie at det er mange måtar å påverke politikken på i det staden ein studerer. Ein kan til dømes vere aktiv i interesseorganisasjonar, politiske organisasjonar eller fremje saker gjennom studentutval, seier Knudsen.

LES SAKA I STUDVEST (på bokmål)!