– Filmen flink til å drepa darlingsane mine

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Filmen flink til å drepa darlings- ane mine

Olaug Nilssen fekk sitt store gjennombrot med romanen ”Få meg på, for faen”, då han kom ut i 2005.

Boka er ein humoristisk roman om trongen til å bli sett av nokon. I ei av historiene møter vi Alma som får si seksuelle oppvakning når Artur er borti henne med pikken, og i dei følgjande vekene nærmast er svimeslått av uforløyst begjær. Ein mogeleg seksuell kontakt opnar opp for tankar og fantasiar som er vanskelege å kontrollere.

Sjølv seier Olaug Nilssen dette om at boka har blitt film:

– Då eg fekk tilbod om å selje filmrettane til Få meg på, for faen, trudde eg knapt det var mogeleg å realisere. I dag er eg glad, stolt og svært takksam for at Jannicke Systad Jacobsen hadde lyst til å gjere noko med boka mi. Det har blitt ein skjønn film!

Skil seg frå boka
Olaug Nilssen har allereie sett filmen fleire gonger, og likar det ho ser.

– Filmen skil seg frå boka på fleire måtar, seier Nilssen til Framtida.no. Det er berre éi av dei tre historiene i boka som er tatt med.

LES OGSÅ: Lys i Skoddeheimen

– Då eg fekk tilbodet om at dei ville laga film av boka, synst eg at eg skreiv så litterært, at eg trudde det ville vera vanskeleg å overføra til film. Eg synst språket har så mykje å seia i bøkene mine, og det er ikkje så lett å vera. Men det har gått veldig fint.

– Jannicke har vore veldig flink til å drepa darlingsane mine, legg ho til.

I pocketbokutgåve
I samband med premieren på filmen Få meg på, for faen gir Samlaget ut ein eigen filmpocketutgåve av Olaug Nilssens bok.

For boka fekk ho både Bergensprisen og Sunnmørsprisen i 2005. I 2006 blei ho som 27-åring den yngste festspeldiktaren nokon sinne under Dei nynorske festspela.

Nilssen opplevde stor suksess på Rogaland teater i 2006 med stykket Skyfri himmel, der ho samarbeidde med Bjørn Eidsvåg. Teaterversjonen av Få meg på, for faen blei spelt for fulle salar på Det Norske Teatret i 2007.

Det neste bokprosjektet til Olaug Nilssen er ikkje skjønn-litterært. Småbarnsmora held no på med bok om korleis ulike småbarnsfamiliar taklar tidsklemma.

– Eg skriv om foreldrerolla og har snakka med folk som har gjort ulike val, fortel ho.

Sjå klipp frå filmen her: