Grendehuset går til filmen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grende- huset går til filmen

Siri Nerheim (17), Anne Marie Nielsen (16) og Kari Steine (16) er tre av dei lokale statistane som kan komma til å dukka opp på kinolerretet i helga. Dei ser fram til premiéren på «Få meg på, for faen».

Sjølv om det blei mykje venting, er dei glade for å ha vore med på filmatiseringa av Olaug Nilssen si roman «Få meg på, for faen», statistane Siri Nerheim (17), Anne Marie Nielsen (16) og Kari Steine (16).

Oppvakning
Ingen av dei hadde lese boka og visste såleis ikkje kva dei gjekk til. Eit blikk på traileren viste at sentralt i handlinga er hovudpersonen Alma si seksuelle oppvakning, og korleis det er å bli vaksen i ei vestlandsbygd.

– Det har ikkje blitt vist slike filmar før, seier Siri. – Eg visste ikkje kva eg gjekk til. Får ein spørsmål om å vera med i ein film, seier ein jo ikkje nei. Får håpa me ikkje blir klipte bort heilt.

LES OGSÅ: Vann med beste manus

– Kva er det eg har vore med på, tenkte eg. Men første gongen eg ser filmen, kjem eg til å vera opptatt av å sjå etter kjentfolk. Eg må sjå han to gonger for å forstå handlinga, seier Kari.

– Eg forventar ikkje å sjå meg sjølv. Men det er kjekt å ha vore med og blitt kjende med folk eg skal gå i klasse med på vidaregåande, seier Anne Marie.

– Eg blei overraska då eg såg traileren, fortel Anne Marie.

– Det ligg jo litt i namnet, seier Siri.

– Jo, men eg hadde ikkje forventa det, ler Anne Marie.

Les saka i Suldalsposten!

Sjå klipp frå filmen under: