Fleirtal vil slå saman kommunar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem det fram i ei måling utført av NoregsBarometer for Kommunal Rapport.

Målinga blei utført i perioden 4. juli til 3. august. Eit representativt utval på 1021 kommunepolitikarar har deltatt i den elektroniske undersøkinga.

I målinga svarar også 40 prosent av dei spurde at dei meiner Stortinget bør vedta kommunesamanslåingar, sjølv om fleirtalet av innbyggarane er imot det.

I tillegg meiner 53 prosent at deira eigen kommune bør slå seg saman med ein eller fleire av nabokommunane dei næraste åra.

Mest pop i Frp og H
Politikarar i Høgre og Framstegspartiet er dei ivrigaste tilhengarane av kommunesamanslåing. Heile 92 prosent av Høgre-politikarane og 91 prosent av Frp-politikarane sa dei ønskjer færre kommunar.

QUIZ: Kva veit du om lokaldemokratiet?

Dei minst ivrige er politikarane i Senterpartiet, men likevel sa heile 46 prosent av dei spurde politikarane her at dei meiner det bør bli færre kommunar.

Også i mindre kommunar
Undersøkinga frå NorgesBarometeret viser at ønsket om færre kommunar er stabilt blant lokalpolitikarane. Endringa er bare 13 prosentpoeng frå da dei same spørsmåla blei stilte før stortingsvalet i 2009.

Ønsket om samanslåing er ifølgje Kommunal Rapport mindre i landkommunar enn i bykommunar, men også her vil eit klart fleirtal på 65 prosent ha færre kommunar. 45 prosent av lokalpolitikarane her meiner samanslåing er aktuelt for deira kommune.

KVA MEINER DU OM KOMMUNESAMANSLÅING?