Helvetesforteljing frå Heivoll

Framtida
Publisert
Oppdatert 07.11.2017 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forteljing frå helvetet

Det kom fram då Tiden Norsk Forlag presenterte haustlista si for 2011.

«Før jeg brenner ned» blei gjennombrotet til Gaute Heivoll som forfattar. Samla opplag er no oppe i 60.000. Han fekk også Brageprisen for boka frå 2010, som no er selt til 17 land. Måndag blei det også klart at Heivoll er vinnar Sultprisen, som er på 200.000 kroner.

«Kongens hjerte» er tittelen på Heivolls nye roman. Her blir vi tekne med tilbake til året 1775 og ei sjøreise til København. Fleire pasientar er om bord og håpet er å føra dei til Kong Frederiks hospital slik at dei får behandling for epidemien som har teke så mange liv. Overfarten er ikkje utan farar, og galskapen breier seg blant pasientane. Ein far blir vitne til at dottera sakte, men sikkert, blir eten opp av sjukdommen innanfrå, heiter det om den nye romanen.

– Kongens hjerte er eit tett og intenst menneskeleg drama, basert på verkelege hendingar. Fram frå sidene stig ei bekmørk verd – ei forteljing frå helvetet blant levande – der døden truar overalt. Men samtidig er romanen også gjennomlyst av den sterkaste kjensla av dei alle:

Kjærleiken til eit barn, sa forlagssjef Richard Aarø om romanen som kjem ut i september.

– Religiøs ekstremisme
Joakim Hunnes er ein av debutantane som blei trekt fram under haustlanseringa til Tiden. Han er klar med romanen «Alle vet hvem du er», som kjem i oktober.

– Her blir dei sosiale strukturane i Utkant-Noreg skildra så treffsikkert og attkjennande at leseran ubønnhøyrleg blir dregen inn, meiner Aarø om denne utgjevinga.

Ein annan debutant i stallen til Tiden er Ulrik Høisæther, aktuell med kriminalromanen «Pokerfjes». Han har skrive fram ei krimheltinne frå finansverda som heiter Eveline Enger – og som både han og forlagssjefen håpar skal få eit langt liv.

Blant dei relativt ferske forfattarane finn vi også Anders Bortne, aktuell med si tredje bok: «Ismannen». Aarø omtalar romanen som noko heilt utanom det vanlege og ei bok som nok vil få ein del merksemd.

Merksemd vil nok også Margaret Skjelbred få for den nye utgjevinga si, «Du skal elske lyset». Også denne boka frå Skjelbred formidlar sorg og smerte frå perspektivet til eit barn.

– Som i den førre boka hennar, «Mors bok», er religiøs ekstremisme eit viktig tema i «Du skal elske lyset», fortalde Aarø – og la til at denne boka blir hovudbok i Bokklubben Nye Bøker seinare i haust.

«Knausgårds Bergen»
Einar O. Risa tek for seg 1900-talet med «M. Kanne&Søn».

– Nå blir kvartetten fullført og presentert i heile si prakt i ei såkalla omnibusutgåve. Det er lov å la seg imponera av slikt, meinte Aarø.

Familiært er det på ein ganske annan måte i Mari Lindbäcks roman, «Jeg har ganske rolige hender». Her møter vi ein hovudperson som opplever ei stor, brå og sterk forandring i livet.

LES SISTE BOKNYTT HER!

Norsk fantasy for relativt vaksne lesarar blir det ikkje skrive mykje av. Det bøter Tiden på i haust med Kristine Toftes «Song for Eirabu II. Vargtid».

– Her blir søsterdramaet frå bok 1 stramma til for alvor. Det handlar om makt og ære og spådommen om verdas ende, sa forlagssjefen, som skildrar boka som full av skjebne, svik og spenning.

Aarø baud til slutt på ein liten kuriositet:

– Den mest originale utgjevinga i haust har tittelen «Album »og er ei fotobok, men det er ikkje ei kva som helst fotobok. Dette er nemleg bileta Asbjørn Jensen tok medan han var student i Bergen på 1980 og 90-talet, den same studietida som blir skildra av Karl Ove Knausgårds i «Min kamp 5». (©NPK)