– Eg såg at mange haddde det kjipt
Difor blei landets tredje yngste fylkesordførarkandidat med i politikken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Namn: Per Magnus Finnanger Sandmark
Alder: 22
Kandidat: 1. plass på Venstre si liste i Østfold
Kva er dei tre viktigaste sakene du vil ha gjera noko med viss du blir fylkesordførar?
– Eg er ikkje med i politikken for å få ordførarkjede og klubbe, eg er med i politikken for å satse på skole, nye arbeidsplassar og kollektivtrafikk. Uavhengig om eg blir fylkesordførar eller ikkje vil eg arbeide hardt for å få gjennomslag for desse tre sakene:
1) Skolen må gi eit godt grunnlag for framtida til elevane. Difor vil eg at alle skal ha motiverte lærarar som får vidareutdanning i fag og pedagogikk og at vi innfører fritt skoleval i Østfold.
2) Vi må skape fleire nye arbeidsplassar i Østfold, særleg for ungdom. Da må vi få fleire lærlingeplassar og legge til rette for at fleire kan starte sin eigen bedrift. 3) Eg vil etablere eit betre buss- og togtilbod som er billigare og går oftare mellom dei ulike byane og regionane i Østfold, slik at det er mogleg å ha jobb, vener og fritidsaktiviteter i heile fylket også før ein får lappen.
Kva var det som fekk deg inn i politikken?
– Eg såg at mange andre unge i Halden hadde det kjipt. Eg ville gjere noko med det. Min måte å gjere noko med det på var å engasjere seg politisk å finne gode løysingar for at ungdom som slit skal ha ein god kvardag.
Kvifor valde du Venstre?
– Venstre set folk først og er opptekne av at vi skal leve i ei verd der alle skal ha fridom til å gjere kva dei vil så lenge dei tek ansvar for kvarandre og miljøet. Eg er stolt av at Venstre er ein anstendig og romslig stemme i asyl- og innvandringsdebattane. Eg er stolt av at Venstre set personvern framfor falsk tryggleik. Eg er stolt av at Venstre har ein god skole- og miljøpolitikk.
Bør 16-åringar få stemmerett?
– Ja. 16- og 17-åringane bør få stemme. Det er faktisk dei som veit korleis skolen, bussen, kulturtilbodet og helsetenesten funkar for ungdom der dei bur, difor må vi høyre på deg. I eit samfunn der folk vert stadig eldre og eldre er andelen med stemmerett blant eldre stadig aukande samanlikna med resten av befolkninga. Det er difor viktig å justere stemmeretten slik at dei unge blir ein sterkare stemme i debattane.
Bør fylkeskommunen få meir makt frå staten?
– Det er ikkje naudsynt at det er meir demokratisk å flytte oppgåver frå nokre politikarar til andre politikarar. Eg vil i første omgang flytte helse- og velferdstilbod til kommunane slik at vi får fleire velferdstenester nærare der folk bur i motsetnad til i dag kor det stadig sentraliserast. Eg vil også flytte fleire oppgåver frå staten til kvar enkelt av oss som lever i dette landet, slik at vi sjølv kan styre over våre eigne liv.
Kva vil du gjera for å kutta klimagassutsleppa i fylkeskommunen?
– Venstre vil redusere fylkeskommunens eigne utslepp med 25 prosent før 2015. Det vil vi gjere gjennom å ersatte alle kjørety i fylkeskommunen med lav- og nullutslippsbiler, gjennomføre enøk-tiltak i eigne bygg og bygge alle nye hus etter passivhusstandarden, slik at vi nytter minst mogleg energi til eigen verksemd. I tillegg vil Venstre sjølvsagt gjere det enklare å leve miljøvenleg, ved å gjere det enklare, billigare og meir effektivt å nytte buss og tog, ha fleire ladestasjonar for elbili Østfold og sørge for at det er enkelt å kome seg med kollektivtrafikk til nye bustader, offentlege tenester og arbeidsplassar.
Vil du innføra månadskort til 200 kroner for ungdom og studentar?
– Det er klart månadskortet skal verte billigare. Eg vil først og fremst gjere det meir fleksibelt å nytte skolekortet til reiser også etter klokka 16 og sørge for at vi får felles kort for buss, tog og ferger i Østfold. Det vil gjere det billigare for alle. Venstre vil også vidareføre kulturkortet som også gir rabatt på bussen.
Korleis trur du terroråtaket 22/7 vil påvirka valkampen og framtida vår?
– Terroråtaket 22. juli har ført oss meir saman. Midt i redsla, frykten og sorga vart vi meir knytt saman, vi snakka saman, vi stod opp mot det grusamme, saman, utan at nokon hadde bede oss om det, men fordi det kjentes rett for kvar enkelt av oss. Eg trur og vonar at det sjølvstendige inititativet og engasjementet blir styrka slik at vi framleis kan vere stolte av å leve i eit mangfaldig land der vi alle kan gjere, meine og tenkje kva vi vil så lenge vi ikkje skadar kvarandre eller miljøet.