Trur på fleire opptøyar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natt til onsdag var ho oppe heile natta, og venta berre på beskjed frå politiet om å bli evakuert.

– Det mest skremmande tredje natta var at det kunne skje åtak kor som helst, og at det ikkje såg ut som om politiet hadde kontroll. Alle var på ferie, og plutseleg var det lovlause tilstandar.

Sjølv bur ho i nærleiken av hovudkvarteret til London-politiet, Scotland Yard, men det gjorde henne ikkje meir trygg. Heldigvis gjekk det bra for henne.

Truar med soldatar
Fire menneske er drepne i opptøyane i Storbritannia dei siste dagane, i dei største opprøra i landet sidan Margaret Thatcher styrte landet på 80-talet.

Tidlegare i dag kalla David Cameron inn til krisemøte i regjeringa. Der sa han at han vurderer å kopla inn militæret for å få roen tilbake i gatene. Regjeringa vurderer også å avgrensa bruken av sosiale medium. Desse har blitt brukt til organisering av plyndring og vandalisme under opptøyane.

– Sjokk
– Det har vore eit stort sjokk for mange. For meg var det eit sjokk å sjå små born gå rundt og knusa ruter, og ein heil haug med folk som plyndra, seier Merima Maja Brkic.

Etter å ha jobba både i innanriksdepartementet og som rådgjevar for sosiale spørsmål for Gordon Brown og David Cameron kjenner ho dei dårleg stilte områda i Storbritannia godt.

– Då eg fekk høyra om starten på opptøyane, kunne eg berre lukka augo, og sjå for meg kvar opptøyane ville spreia seg.

Situasjonen i dei fattige områda har vore like fortvilande i fleire tiår. Brkic meiner det største problemet i Storbritannia er fattigdommen.

LES OGSÅ: Dette førte ungdom ut i gatene

– Rikdom og fattigdom er så nær kvarandre her. Og mange er stengt ute frå samfunnet. Det er store grupper av menneske som korkje jobbar eller betalar skatt.

Dei høge bustadprisane gjer det endå verre. Mange av ungdommane er i ein vond sirkel. Manglar utdanning, får dei ikkje jobb, og då er det vanskeleg å få bustad. Mange bur i kommunale bustader i gettoar med mange gjengar med sine eigne lover. Det gjer det lettare å hamna inn i kriminalitet. 80 prosent av ungdom som har vore fengsla før, hamnar i fengsel igjen om dei ikkje har ein plass å bu kort etter ein slepp ut.

Mørke framtidsutsikter
– Det er mykje frustasjon. Det er ei politisk stemning der ein ser dårlege framtidsutsikter. For ungdommane som går ut på gata er det ingenting å tape, seier Brkic.

– Har Cameron-regjeringa overdrive dei dårlege økonomiske utsiktene, og behovet for kutt i offentleg sektor?

– Kutt i offentleg sektor har vore viktig for denne regjeringa, og det er klart det kostar med offentleg sektor. Men eg trur verda deira er tusenvis av mil frå kvarandre. Eg tvilar på at ein vil nå desse gruppene nokon gong.

Eit kontroversielt forslag frå Cameron-regjeringa er å kutta ut sosialstønaden.

– Målet er at ein skal fortena denne, og at ein må ha hatt jobb for å kunne få støtte. Det kan vera mogleg å få til dette under normale omstende. Men no, med aukande arbeidsløyse, er dette vanskeleg, meiner Brkic.

Utdanning og jobb
Det viktigaste regjeringa bør gjera no, ifølgje Merima Brkic, er å gjera noko med utdanningssystemet og den store forskjellen mellom skulane i landet.

– Ein må gå inn på skulane og få dei ut av elendigheita, og så må ein få ungdomane til å tru at dei kan klara noko i livet.

Å auka studieavgifta var ikkje rette vegen å gå, meiner ho. Men å få fleire til å studera er heller ikkje heile løysinga. Eit problem, slik ho ser det, er at Storbritannia sidan Tony Blair har satsa for mykje på at ungdom skal skaffa seg universitetsutdanning.

– Treng så mange universitetsgrad? spør ho, og meiner det er eit problem at Storbritannia ikkje har noko liknande lærlingordning som i Noreg. Og nedbygginga og no mangelen på industriarbeidsplassar gjer at det er heilt andre tilstandar i Storbritannia enn til dømes i Tyskland – som har klart seg betre gjennom finanskrisa.

Kan skje andre stader
Merima "Maja" Brkic flytta frå Årdal i Sogn til London for nesten ti år sidan. Ho har mellom anna ein doktorgrad i psykologi frå Oxford-universitetet og har jobba med korleis ein får skapa tillit i samfunnet. No jobbar ho i eit konsulentselskap i London.

LES OGSÅ: Fryktar tapt generasjon

– Kva må ein gjera for å la denne utstøytte gruppa av menneske igjen skal få tillitt til samfunnet?

– Det bør gå meir andre vegen. Viss ein les aviser her, og ser korleis ungdom blir omtala, så er det nok ei stor frykt for ungdom blant mange. Det er få tiltak for dei. Ein bør nok heller opna dialog med desse og spørja dei sjølve om kva som er årsaka.

– Trur du regjeringa vil gjera noko med årsakene til opprøret?

– Ein kan ikkje berre oversjå dette.

Og legg til:

– Men eg vil ikkje sjå vekk frå at det vil skje igjen.

Ho meiner at opprøret ikkje berre er eit britisk problem, og at også andre land kan oppleva liknande opprør i framtida.

Frankrike og Hellas er nokre av landa som har hatt store opptøyar tidlegare.

– Me lever i ei tid der skilnadene mellom fattig og rik blir større. Sjølv om dette skjer i Storbritannia no, så er dette eit utløp ein kan venta også andre stader og i hyppigare intervall, meiner ho.