No kan du stemma

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå onsdag 10. august starta den ordinære førehandsstemminga. Du kan førehandsstemma til og med fredag 9. september.

Det er kommunen som tek imot førehandsrøyster. Kommunen informerer om kvar vallokala ligg, opningstider og korleis ein går fram for å røyste. Ved førehandsstemming kan veljarane stemma i kva kommune som helst i heile landet.

– Hugs legitimasjon, minner Kommunal- og regionaldepartementet om.

LES OGSÅ: – Gi ekstra stemme til ungdom

Valdagen er 12. september. Nokre kommunar har todagars val, her kan veljarane også stemma søndag 11. september. På valdagen kan du berre stemma der du er manntalsført. Valkort er ikkje nødvendig å ta med på valdagen, men det gjer det raskare å stemma.