Captura UB vann prisen for beste rekneskap under EM for Ungdomsbedrifter i Oslo.

mm

Dei siste tre dagane har jentene frå Hamar konkurrert med dei 34 beste ungdomsbedriftene frå Europa i Europameisterskapen i Oslo. Gleda var stor då dei kunne entre scena for å motta den heiderstunge prisen.

– Dette var kremen av ungdomsbedrifter og vi hadde kjempeharde konkurrentar. Vi er overlykkelige over å få ein pris. EM har vore gøy – og ikkje minst nervepirrende. Dette har heilt enkelt vore ein unik opplevelse, seier Silje Engh Hulleberg, dagleg leiar i Captura UB.

Det var over 600 gjester frå 63 nasjonar i salen når dei fem jentene frå Hamar entra scena for å motta prisen, som vart delt ut av skattedirektør Svein Kristensen.

Ny pris
Rekneskapsprisen er ein etablert pris på NM for Ungdomsbedrifter, men det er første gongen han blir delt ut i EM. Samanslutninga ”Samarbeid mot svart økonomi” samarbeider med Ungt Entreprenørskap om å gje kunnskap om og forståing innan rekneskap, skattelov og avgiftsreglar. Samarbeidet mellom Ungt Entreprenørskap og Skatteetaten er unikt i Europa, og konkurransen under Europameisterskapen er eit av tiltaka for å dela røynsler med søsterorganisasjonar i andre land.

– Dette har vore fantastiske dagar, og Captura representerte Noreg på ein fremragende måte. Dei leverte solid i ein konkurranse prega av høg kvalitet og mange svært dugelege deltakarar. Eg er imponert over kva jentene våre har prestert, seier Anne Kathrine Slungård, administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap i ei pressemelding.

Parfymepenn
Tittelen Europas beste Ungdomsbedrift 2011 gjekk til Summit Enterprise frå Storbritannia, som har utvikla ein penn som kan fyllast med parfyme. newQReation frå Danmark tok andreplassen medan ACE frå Slovakia kom på tredje.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE