Berre Hardanger får masteerstatning
Kommunane i Hardanger fekk 100 millionar i erstatning for inngrep i samband med kraftliner. I Sogn og Fjordane og på Sunnmøre får dei ingenting.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Berre Hardanger får monster- erstatning
NRK.no melder at Olje- og energiminister Ola Borten Moe ikkje vil gje ei einaste krone i kompensasjon for inngrepa som blir gjort i samband med bygging av den nye 420 kilovolts kraftlinja mellom Fardal og Ørskog.
Til samanlikning hosta regjeringea opp 100 millionar kroner i Hardanger.
– Eg vil understreke at Hardanger var eit eingongstilfelle. Eg kjem ikkje til å leggje til rette for ein repetisjon, seier Borten Moe til Bergens Tidende.
– Uhøyrt å ikkje behandle likt
Energistatsråden var tysdag på synfaring i helikopter over områda som kan få den gigantiske kraftlinja.
Tilbake på bakken møtte han ordførarane i Naustdal, Flora, Førde og Jølster.
– Vår natur er like mykje verd. Regjeringa må behandle oss på lik linje – noko anna vil vere uhøyrt, seier Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal til Bergens Tidende.
Kva synst du om forskjellsbehandlinga?