Endre (25) styrer eksotisk øy i Ryfylke
Hagar frå heile verda er samla på Sør-Hidle i Ryfylke.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vertskapet på den unike tropiske perla Flor og Fjære på Sør-Hidle har nettopp opna ein klosterhage i den 30 mål store parken. Neste år skal dei tilsette med dei grøne fingrane også opna ein rosehage og ein staudehage.
25 år gamle Endre Bryn frå Stavanger er tredje generasjon som har begynt som dagleg leiar for Flor & Fjære. Som foreldra og farfaren er også han levande opptatt av parken og å utvikla denne vidare.
– Det beste eg veit er å gå gjennom hagen, seier han smilande. Heile sesongen er han på øya saman med rundt førti andre tilsette som jobbar intenst med både hage, restaurant, administrasjon og logistikk. Dei over 50.000 ulike sommarblomane skal ha godt stell og pleie. Gjestene som kjem til øya skal ikkje gløyma det unike som blir tilbydd dei ulike sansane.
Urter
Den nydyrka klosterhagen er inspirert av middelaldermunkane sine hagar der dei brukte å dyrka pryd- og nytteplanter til bruk i mat og til medisin. Kokken i restauranten på øya kan plukka med seg urter som sitrontimian, persille, dill og grasløk til å krydra maten som skal serverast gjestene.
– Det er fire-fem grader varmare her på det kaldaste på vinteren, enn på Jåtta i Stavanger der me har gartneri. Det er takka vera varmen som følgjer med golfstraumen som er ei av årsakene til at det er mogleg å få til dei tropiske vekstane på øya i Hidlefjorden, forklarer Bryn.
Heile verda
Temahagane i parken er inspirerte av heile verda. Asia er presentert gjennom den vakre Bonsai-hagen, som blir vist fram på omvisninga i parken. I ein dam sym vakre japanske koikarpar. Ingenting er tilfeldig.
I dei ulike temahagane veks planter og blomar som banantre, palmer, hengeseder, bambus, druer, aprikos, trebregner og cannaliljer. For dei som ikkje har den største kunnskapen om planter og blomar, er det likevel eit sanseleg velbehag sjølv om ein manglar fagkunnskapen. Synet og luktesansen har ein annleis dag på jobb. Seks flotte dammar og små fossefall er også komponerte i hagen.
– Kva planter utpeikar seg som mest spesielle til at dei kan veksa her?
– Me har – i tillegg til palmer – fiken, aprikos, nektarinar og druer. Alle med moden frukt kvart år, fortel Endre.
Alt heng saman, godt planlagd av Olav Bryn, far til Endre. Olav bruker vinteren til å tenka ut og førebu neste sesong. Han og kona Siri jobbar med både parken og restauranten.
Gradvis
Åsmund Bryn, farfar til Endre, og far til Olav, dreiv eit gartneri på Jåttå då han levde. Då han blei uføretrygda og ville ha noko å putla med i fritida, etablerte han ein liten hage på ein del av øya der familien hadde hytte.
Hagen blei etterkvart større, og sidan fekk han også lurt med seg kona Else Marie hit ut. Det var venner som fekk idéen om at denne hagen måtte bli noko som kunne nytast av fleire. Saman med kona utvikla han hagen som sidan blei park. Etterkvart etablerte sonen Olav og kona Siri Bryn restaurant på øya. Flor & Fjære opna offisielt i 1995. Andre familiemedlemmer er også tilsette i bedrifta. I dag kan den tropiske øya ha rundt 30.000 besøkande på sommaren.
– I tillegg til å utvikla hagane og konseptet vidare, er målet å få drivhus til øya. Produksjon av sommarblomane her inne vil forenkla handtering og timing, seier Endre om nokre av framtidsplanane, i tillegg til rosehagen og staudehagen som vil vera klar neste år.
Eige gartneri
Blomar og planter blir produserte i gartneriet på Jåttå, før dei blir frakta ut til øya. Vatn blir pumpa ut og sirkulerer rundt i parken. Sidan sist har bedrifta fått ny logo, ny sjef og ny hage. Parken er femdobla på dei fem siste åra.
– Ein har brukt det landskapet som var her, trea har hjelpt kvarandre fram, forklarer Olav om noko av utviklinga av parken.
Maten som blir servert i restauranten er også viktig.
– Det skal vera ærleg mat, husmannskost på ein god måte, seier kjøkkensjef André Mulder.
Han er kjent for sin slagferdige humor i tillegg til kokkekunstane. Han liker å skapa magiske augneblink gjennom ganen og kommunikasjonen med gjestene. Saman med dei andre tilsette skaper Mulder mange sanseinntrykk for dei besøkande på den spesielle øya i Ryfylke.