Små endringar kan gjera fylkestinga på Vestlandet endå eldre – eller yngre.

Svein Olav B. Langåker og Andrea Øien Sæverud
Svein Olav B. Langåker og Andrea Øien Sæverud
Faktaboks

Så mange under 30 år ligg an til å få plass i fylkestinget (så mange i ’07):
Møre og Romsdal: 4 (5)
Sogn og Fjordane: 3 (5)
Rogaland: 5 (6)
Hordaland: 10 (9)

Så mange under 25 år ligg an til å få plass i fylkestinget (så mange i ’07):
Møre og Romsdal: 2 (4)
Sogn og Fjordane: 2 (1)
Rogaland: 4 (2)
Hordaland: 3 (7)

* Basert på prognosar frå nedbrotne tal frå Poll of Polls per 28. juni
 

LES FAKTALUKK FAKTA

Færre unge representantar kan bli valt inn i fylkestinga på Vestlandet til hausten samanlikna med valet for fire år sidan. Hordaland fylkesting ser ut til å berre få tre under 25 år i fylkestinget, mot sju for fire år sidan. Sogn og Fjordane ligg an til størst auke frå éin for fire år sidan til fire under 25 år komande val.

Det kjem fram etter at Framtida.no har gått gjennom listene til fylkestingsvalet på Vestlandet i haust og samanlikna med dei siste prognosane til PollofPolls.no.

Færrast i mindre parti
Noko av det viktigaste fylkestinga bestemmer over er vidaregåande skular, busstilbod og tannhelsetilbodet til ungdom. Men likevel er det langt mellom unge representantar i fylkestinget, og fleire grå hovud kan det bli. Snittalderen på dei som stiller til val er 49 år.

Små endringar i valresultatet, samanlikna med prognosane, kan føra til at det blir endå færre yngre fylkestingsmedlemmer komande valperiode. Høgre har to kandidatar under 30 år på usikre plassar. I Sogn og Fjordane har dei ein.

LES OGSÅ: Gubbeveldet held fram

Men det skal heller ikkje mykje til for at fylkestinga blir yngre: I Sogn og Fjordane og Hordaland er det ti ekstra kandidatar under 30 år som kan få plass med små endringar i valresultatet.

Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti har flest unge som akkurat ikkje er inne. Dei to siste har slik prognosane ligg an ingen under 30 år inne i fylkestinga (sjå faktaboks). I ei meiningsmåling for Firda i byrjinga av juni fekk Venstre sin tredjekandidat Aleksander Nygaard Åsnes (20) plass med god margin.

Til forskjell frå kommunevalet, er det meir sjeldant at vallistene i fylkestingsvalet blir endra på.

LES MEIR: Slik endrar du på vallistene

Viktig for engasjementet til unge
Møre og Romsdal har desidert færrast unge høgt på listene på Vestlandet. Marit N. Krogsæter (18) står på fjerdeplass på Senterpartiet si liste i Møre og Romsdal – og akkurat så vidt inne ifølgje dei seinaste prognosane. Ho meiner det er avgjerande å få fleire unge inn i politikken.

– Viss vi ikkje profilerar unge blir det vanskeleg å få med nye folk og oppmode til engasjement. Dessutan er det viktig for partiet i framtida at det ikkje er dei same gamle politikarane som går igjen, understrekar ho.

LES OGSÅ: – Ikkje berre traktor

Kvifor trur det er så få unge som stiller til val?

– Det er ei oppgåve ein skal ha i fire år framover og når ein går på vidaregåande er det mykje å ta på seg når ein ikkje veit kva vegen vidare vil bringe. Mange føler kanskje at dei ikkje kan nok, og at dei får betre tid til den slags når dei blir eldre, seier ho.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

Kommentarar

ANNONSE