No er festen i gang

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opna Ekstrem- sportveko

I god tradisjon skein sola og fallskjermhopparane landa etter planen på Prestegardslandet for å markera at Ekstremsportsveko er i gang. I år opna Kristin Krohn Devold, generalsekretær i Den Norske Turistforeining, Veko med å hoppa tandem. Like etterpå kom Kjell Fuglehaug i tandem.

– Det var ei fantastisk oppleving. Eg såg snø, vatn og fjell, men oppdaga ikkje publikum før eg var nede, sa Krohn Devold, som òg fortalde at ho godt kunne tenkt seg å hoppa paraglidar og. Så landa dei ein etter ein. 25 fallskjermhopparar i formasjon, paraglidarar og dei med wingsuit.

LES OGSÅ: No kjem vindtunnelen

Frå himmelen kom òg spelemann Arne Anderdal spelande på fela si, der han gav ein luftig versjon av «Fanitullen». Jon Gjerde leika med hangglideren sin til tonane av Fanitullen. Inne opna Krohn Devold Veko offisielt, før dei brasilianske dansarane i KalibriCarf gav publikum brasiliansk samba og afrikansk folkedans.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!