«Kongen av Bastøy» nominert til Amanda

Marius Holst-filmen er ein av tre som er nominert til Amanda for beste film.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I same kategorien er også Vibeke Løkkebergs dokumentarfilm «Gazas tårer» og Erik Skjoldbjærgs spelefilm «Nokas» nominert.

I kategorien beste mannlege skodespelar er Benjamin Helstad («Kongen av Bastøy»), Otto Jespersen («Trolljegeren») og Henrik Rafaelsen («Sykt lykkelig») nominert.

Beste kvinnelege skodespelar blir enten Agnes Kittelsen («Sykt lykkelig»), Maria Bonnevie («Maskeblomstfamilien») eller Line Verndal («Limbo»).

Janne Formoe og Ingar Helge Gimle skal leie Amanda-showet når Den norske filmfestivalen går av stabelen i Haugesund. Programmet blir sendt på TV 2 laurdag 20. august, dagen før Jens Liens spelefilm «Sønner av Norge» opnar filmfestivalen, som er den 39. i rekkja. (©NPK)

Kva filmar synst du fortener Amanda-pris?