Alt kan vera politikk

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fokus er på kommunevalet i september, men lokalavisene er ikkje alltid like flinke til å bruke ungdom som kjelder.

Kjempeviktig
– Valet er nok noko av det viktigaste for lokalavisene rundt om, og det er mykje valstoff i avisene no, seier prosjektleiar Helen Frøyseth i Landslaget for lokalaviser(LLA). Ho fortel at avisene har ulike tilnærmingar.

Svært mange aviser er godt i gang med valdekninga, medan andre ventar med å setje i gang for fullt til nærare valet.

– Noko av det vi i LLA er mest opptekne av er korleis avisene tek ungdom inn i dekninga, og vi gler oss over valstoff om og for unge veljarar, fortel Frøyseth.

– Det er mange flinke ungdommar som har synspunkt på alt frå veg til skule, dei krev å verte høyrt og avisene lyt hugse på å nytte dei som kjelde.

Ho dreg fram Bø Blad som eit døme på ei avis som får det til i valdekninga. Avisa har spalta ”Kjære Politikar”, med helsing frå unge veljarar til dei som står på listene.

Helen Frøyseth meiner mykje av framtida for lokalavisene ligg i korleis dei møter ungdommen. – Dei lyt takast på alvor, for det er jo dei som er framtidas lesarar, abonnentar og kjelde.

Engasjere alle
Solabladet er ei av avisene som vert trekt fram, som døme på ei avis med god ungdomsdekning. Avisa har bygd opp eit ungdomspanel, som kvar veke skriv om ulike tema.

– Eg trur alt kan vera politikk. Når du ergrar deg over bussen som ikkje kjem, er det samferdselspolitikk. Det lyt vi bevisstgjere ungdommen på, fortel Maren Østbø i panelet. Ho meiner ungdom treff ungdom, og at det derfor er viktig å bruke ungdom i valdekninga.

QUIZ: Kva veit du om lokaldemokratiet?

– Temaet eg har fått flest attendemeldingar på, var nok teksten min om nynorsk. Elles engasjerer tema som kultur og miljø, held Østbø fram.

Ho meiner mykje av suksessen ligg i samansetninga av panelet. – Vi har ulike utganspunkt og ståstader, og då trur eg vi tregg mange typar ungdom, fortel ho. Elles set Østbø pris på fridomen. – Avisa gjev oss eit tema, og så angrip vi det slik det passar

Framtida
LLA meiner lokalavisene har mange moglegheiter når det gjeld ungdom og det føreståande valet.

 – Avisene kan til dømes vera med å setje dagsorden på alle skuledebattane til hausten, seier Helen Frøyseth. Ho trur og det er viktig å ha fokus på dei unge representantane etter valet. – Kvar vert det av ferskingane på valnatta, når alle posisjonar skal fordelast? Det kan lokalavisene finne ut av.

Helen Frøyseth og Maren Østbø er samde når det gjeld ungdomsfokuset til avisene, og meiner begge at målet må vera å få flest mogeleg  til å nytte røysteretten sin.