Marte Gravem Isaksen drog på utveksling etter vidaregåande. – Heilt fantastisk.

mm
Faktaboks

Sjå bloggen til Marte Gravem Isaksen: martegris.blogg.no!

Sjå studentbloggen til Kulturstudier!

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg reiste til Nicaragua fordi eg rett og slett googla "studere eit semester i utlandet", der eg etterkvart fann Kulturstudier. Eg har hatt lyst til å lære spansk, og reise i Latin-Amerika lenge, fordi eg synest området er veldig spennande, både kulturelt og politisk. Dermed passa tilbodet til Kulturstudier meg perfekt. Eg visste ikkje så mykje om Nicaragua før eg drog dit.

Korleis har tida i Nicaragua vore?

– Eg var i Nicaragua eit semester, altså tre månader – og dei var heilt fantastiske. Eg brukte litt tid på studia mine, og mykje tid på andre aktivitetar. i León var eg og nokre andre på salsa-kurs to gonger i veka – før det kva salsakveld på favorittutestaden vår kvar torsdag. Elles vart det veldig mange restaurantbesøk – med pizza og mojito-kveld på Bigfoot som ein av favorittane våre. Vi tok surfekurs, vi gjekk på kino, drog i mangrooveskogen og på vulkantur.

LES OGSÅ: Næringslivet treng fleire som kan meir enn engelsk

Vil du reisa tilbake for eit nytt semester?

– Eg har ikkje hundre prosent bestemt meg for om eg skal til Nicaragua til hausten, på grunn av jobben min i Noreg, men eg har utruleg lyst – og driv eigenleg berre å vinglar litt fram og tilbake. Eg vil reise tilbake fordi eg har vener i Nicaragua, og hobbyar eg likar å halde på med. Studiet var gøy og lærerikt, og staden vi budde var heilt fantastisk. Eg saknar den opne kulturen i Nicaragua, dansinga og utelivet. Ein annan viktig faktor er òg at det er presidentval i Nicaragua til hausten, noko som hadde vore veldig gøy å oppleve.

Studerte du i Noreg før du reiste? I så fall kva?

– Nei, eg gjekk på vidaregåande og jobba litt før eg drog til Nicaragua. Dei norske elevane i Nicaragua var ein god miks – nokre få som kom rett frå vidaregåande, ein del som tok studiet i Nicaragua som ein del av sine bachelorar, medan nokre som var ferdig med ein bachelor, nokre som kom frå arbeidslivet og nokre som var ferdig med master – med andre ord, ein god miks.

Kva trur du er skilnaden på å læra spansk i Noreg – samanlikna med utveksling til eit spansktalande land?

– Eg trur det er ein heilt avgjerande skilnad. Eit godt døme er at det som er meininga ein skal lære i løpet av tre år på vidaregåande i Noreg, brukar du tre månader på om du tek innføringskurset i Nicaragua. Eg kom til Nicaragua utan å kunne noko spansk, medan andre hadde allereie hatt spansk på vidaregåande utan at dei tok avansert spansk, fordi dei følte dei kunne det så dårleg.

LES OGSÅ: Eitt år i utlandet – noko for deg?

Har du fått vener blant lokalbefolkninga?

– Ja, eg har gode vener blant dei lokale i León, som eg no held kontakten med via facebook.

Kva er du vorte mest overraska over gjennom studia i Nicaragua?

– Eg vart veldig overraska over to ting – det første over der utruleg enkelt det var å lære spansk. Ja, det kravde noko pugging, men såg fort ein kom ut blant folk, så gjekk det utruleg greitt. Det andre var kor utruleg herleg landet var, eg har aldri vore i Mellom-Amerika før, og aldri i eit fattig land før, men Nicaragua var heilt fantastisk likevel, masse natur og opplevingar og by på, og det eg trur aldri det komer til å bli like gøy å gå på byen i Noreg.

Bilete frå studentbloggen:

Demonstrasjon i regi av FSLN:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

Kommentarar

ANNONSE