Gubbeveldet held fram

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til saman 65.253 personar stiller til val ved kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten. Det er vel 4.000 færre enn ved siste lokalval. Etter fleire år med ei viss auke i talet på kvinner på listene, viser tala frå 2011 no ingen endring i kjønnsfordelinga sidan siste val; 58,3 prosent er menn og 41,7 prosent er kvinner.

Skuffa
– Eg er skuffa over at tala ikkje viser nokon auke i talet på kvinner på vallistene på landsbasis, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Her har partia gjort ein for dårleg jobb. Etter valet må vi sjå nærare på både dette og andre tal for kvinnerepresentasjon. I 22 forsøkskommunar kor det har vore jobba særskilt med deltaking av kvinner i lokalpolitikken, ser vi ein noko meir positiv trend. Det er gledeleg og syner at innsats nyttar, seier Navarsete.

LES MEIR OM LOKALVALET 2011!

Eit oversyn over alle vallistene med kandidatnamn, fødselsår og røystetillegg, for kvar kommune er no lagt ut på departementet sine nettsider i fylkesvise lister. Totalt skal det veljast 10.781 personar til landets kommunestyre og 728 til landets fylkesting.

Eldre politikarar
Gjennomsnittsalderen til kommunestyrekandidatane er 50 år (kvinner 48 år og menn 51 år). Tilsvarande tal for fylkestingskandidatane er 49 år (kvinner 48 år og menn 50 år). Dette er ingen vesentleg endring sidan sist lokalval.

Dei som blei valt i lokalvalet for fire år sidan var då i snitt kring 48 år. Svært få var under 25 år. Ved nyttår var berre 221 av dei 10946 kommunestyremedlemmane i Noreg er under 25 år.