Skileiksatsing på verdskartet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skileik- satsing på verdskartet

Samarbeidsprosjektet Fyrtårn Telemark er eit bedriftsnettverk mellom Vierli, Morgedal og Gaustatoppen. Med arbeidsnamnet «New school of skiing, Telemark» har nettverket mål om å utvikle Telemark til å bli leiande innan den nye verdsomfattande utviklinga innan ski og brett.

Det heile har gått raskt. Sidan mars har Fyrtårn Telemark fått midlar frå Innovasjon Noreg til eit forprosjekt for å utvikle nettverket, og 2,5 millionar kroner i ei startpakke frå Telemark utviklingsfond. Det blei offentleggjort på ein pressekonferanse i Moregdal måndag ettermiddag.

– Ingen region i verda har same hevd på omgrepet «skileik» som Telemark. Oslo er ingenting i den globale marknaden. Me har her ei omdømegullgruve som utøvarar, klubbar og industrien kjem til å stille seg bak, seier Mikkel Berg, talsmann for Fyrtårn Telemark og påtroppande hotellsjef i Morgedal.

Han er også ei av eldsjelene i Heming Adrenalin, Noregs største jibbeklubb.

Vil utvide med sommartilbod
Erlend Larsen på Vierli har etablert Noregs beste terrengpark. Han er opptatt av å ta utøvarane på alvor.

– Det har vore ein enorm vekst dei siste fire sesongane. Eg bestemte meg for å reindyrke eitt konsept, og med gode medhjelparar frå miljøet som tilførte den nødvendige spisskompetansen har det fungert veldig bra, seier Larsen.

Anlegget er mellom anna det viktigaste treningssenteret for Heming Adrenalin og Noregs beste utøvarar før dei store konkurransane i inn- og utland.

– Og det er heller ikkje nokon nedtur at Terje Håkonsen sleng innom i blant, gliser Erlend Larsen om verdas mest kjende vinbyggje.

Han har no planar om å utvikle konseptet til også å omfatte Europas fyrste skatecamp ved Austbø hotell, etter modell frå USA. Larsen overtek hotellet 1. oktober, og vil då etter planen etablere Camp Vierli. Tanken er å ha eit tilbod til utøvarane både sommar og vinter.

– Dette blir Europas fyrste Element skatepark. Erlend har store liner og visjonar. Frå før har han den beste jibbe- og snowboardparken i landet, seier Mikkel Berg.

Må ha køyrt Sondreløypa
I Morgedal har dei sagt nei til masseturisme, for å halde på særpreget til bygda som fostra den moderne skisportens far; Sondre Norheim. Sondreløypa og Kastedalsskotet blir rekna som verdas fyrste frikøyrings- og slopestyleløyper.

– Verdas ski- og snowboardentusiastar må ha køyrt Sondreløypa og Kastedalsskotet minst ein gong i livet, meiner Mikkel Berg.

På Gaustatoppen vil det bli lagt til rette for frikøyring på Telemarks tak 1883 meter over havet. Det er tenkt Noregs beste og mest profesjonelle opplæringssenter for frikøyring, og verdas største senter for telemarkssporten.

Millionmarknad
Snowboard og twintip er verdas største og mest veksande ungdomsrørsle på snø. I fylgje Berg er det fleire enn 500.000 utøvarar i desse nye greiene på landsbasis. Twintip er ny OL-grein frå 2014, og Noreg har fått det fyrste VM i freestyle i 2013.

– Det er ein stor marknad med millionar av skileikentusiastar rundt om i verda, seier Berg.

– Gaustabanen, Vierli og Morgedal er eit unikt trikløver, seier Berg, som trur Telemark vil vere ein verdsattraksjon for skileik, og setje både fylket og Noreg på kartet med den unike merkevaren.

Slutt å slåss
Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen er entusiastisk til prosjektet. Telemarkssporten er den einaste skidisiplinen som er oppkalla etter ein stad. Det vil fylkesordføraren utnytte. Ho seier det overordna målet er å få telemarkskøyring som OL-grein i 2018, men at det på vegen er mange ledd. Helgesen er ordførar for eit fylke med den lågaste befolkningsutviklinga i landet.

– Me må gjere oss lekre, og vise fram fylket og skape utvikling. Me må samle Telemark, og slutte å slå kvarandre i hovudet. Me kjempar ikkje mot kvarandre, me kjempar mot verda. No må me marknadsføre eit så unikt namn, seier Helgesen.

– Me vil ha vekst i heile Telemark, legg ho til.

Terje Bakka i Telemark utviklingsfond trekkjer fram at det er tri destinasjonar som samarbeider for å skape blest for heile fylket som argument for at dei støtta prosjektet med 2,5 millionar kroner.

LES SAKA I VTB.NO!