Studentane jobbar om sommaren

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei undersøking Sentio Research har gjort for NAV.

– Dette er positivt. Og svært mange av dei som ikkje skal jobba seier at dei skal bruke tida på å studere, seier arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad.

Lystad er nøgd med at ein så stor del av studentane nyttar delar av sommaren til å skaffa seg nyttig røynsle frå arbeidslivet.

– Vi veit jo at mange studentar òg jobbar ved sida av studia. I undersøkinga vår svarar mange at dei har deltidsstilling, og at dei får utvida den til heiltidsjobb om sommaren. Av dei som oppgjev at dei ikkje skal jobba i sommar, seier svært mange at dei skal bruke tida på å studera, forklarar Lystad. Han opplyser at relativt få oppgjev at dei ikkje ynskjer å jobba om sommaren fordi dei vil ha lang ferie.

Viktig erfaring
Lystad understrekar kor viktig det er å skaffa seg arbeidserfaring gjennom å jobba nokre veker i ferien.

– Det er veldig bra å kunne vise til at ein har røynsle frå arbeidslivet, når ein skal ut på jobbjakt etter ferdig utdanning. All røynsle tel. Arbeidsgjevarar legg merke til om du har stått på nokre veker om sommaren. Det vitnar om vilje og engasjement, seier Lystad.

Bruk nettverket
Mange sommerjobbar blir lyst ut i aviser, på NAV sine nettsider og på andre nettsider. Svært mange sommerjobbar blir òg formidla gjennom familie og venner. Lystad oppfordrar ungdom til å bruke nettverket sitt, og seier det enno er høve til å skaffa seg ein jobb.

LES OGSÅ: Vaktbikkja til alle unge arbeidarar

– Spør familien, venner av familien, eigne venner og andre om dei veit om ledige sommervikariater. Du kan òg oppsøkja føretak, eller sende ein e-post eller ringja for å sjekke høva. Bruk òg tid på å sjekka bedriftene sine nettsider på jakt etter jobb, seier NAV-direktøren.

2200 nye jobbar i mai
I Databasen til nav er det enno mange ledige vikariat i sommar. I mai vart det registrert 2200 nye sommerjobber hos NAV. Dei fleste er innan helse- og omsorgsyrka, turisme, transportsektoren og serviceyrka.

– For dei som var tidleg ute, var nok høvet til å velja og vraka betydeleg større enn no. Men det er enno gode høve å skaffa seg ein jobb i ferien, seier Joakim Lystad i NAV.

GÅ TIL YRKESVAL-SIDENE VÅRE!