Førstegongsveljarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Første- gongs- veljarar

Kva lokale saker er du oppteken av?

Sjur: – Det er så klart det som angår meg. Slik som for eksempel bru. Det er jo for så vidt noko som angår alle. Det er ei komplisert sak der me må sjå det frå fleire sider. Eg har ikkje gjort meg opp meining endå, men eg skal setja meg meir inn i det når valet nærmar seg. Det er ikkje noko eg har gått å tenkt på. Det er eigentleg mange ting eg er oppteken av.

– Det er viktig med fritidstilbod for ungdom, og det er viktig å halda kommunen attraktiv, slik at folk får lyst til å flytta heim. Ta paintball som eitt eksempel. Det er ein hobby som eg og fleire andre har. Det hadde vore bra om det hadde blitt ein bane i Suldal. Eg trur det er ein sport som mange kan lika. Og då med utleige av utstyr og bane, slik at folk får prøvt det før dei eventuelt kjøper seg utstyr sjølv. På den måten kunne me fått med fleire. Det er eit alternativ for dei som for eksempel ikkje likar fotball. Det er ein måte å få fleire meir aktive.

LES MEIR OM LOKALVALET HER!

Valborg: Eg er oppteken av at det skal vera nok fritidstilbod til unge. Det kan vera sportsaktivitetar som fotballtrening og slikt som folk er interessert i.

– Men det kan òg vera plassar der folk kan møtast. Det treng ikkje å ha med sport å gjera heller. Det skal òg vera likt for alle i samfunnet. Det skal ikkje vera forskjell på fattige og rike. Og så er eg oppteken av gode vegar som er sikre. Det er jo mange smale og ikkje rassikra veger her. Eg ønskjer at dei skal bli trygge.

LES MEIR I SULDALSPOSTEN!