Fjell framfor fleirbrukshall

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjell framfor fleir- brukshall

– Eg trur du blir sett pris på mest uansett, seier Tor Valdvik. Han er eit døme på at det nyttar å engasjere seg. Ved kommunevalet i 2007 gjekk han frå å stå nedst på lista, åt Bygdelista for tverrpolitisk samarbeid, til å verte andre vara.

– Eg trur det handlar litt om eit avisinnlegg eg hadde, som gjekk på kommunen sin økonomi, seier den engasjerte vagværen.

– Dette er artig
Dette valet er Tor Valdvik kumulert til andreplass på lista. Trass travle dagar som student og lang pendleveg frå Oslo, har Valdvik likt å møte i hovudutval og nokre kommunestyremøte.

LES OGSÅ: Kardemommekommunen

– Eg trur det sosiale er veldig viktig, ein får veldig gode vener gjennom å drive med politikk, fortel han.

– Det er inspirerande når vi har med 19-åringar på møta, som tykkjer politikk er artig.

Åtgaum
Valdvik føler han har fått berre positive attendemeldingar for engasjementet sitt, og han har ikkje møtt motbør frå gubbeveldet i kommunestyret.

LES OGSÅ: – Lokalpolitikarar veit lite om oss

– Vi er fleire unge, og eg trur vi tenkjer likt på mange måtar, sjølv om vi har ulike politiske grunnsyn.

Han ynskjer at endå fleire unge skal velje å engasjere seg, og trur mange unge undervurderar kva dei kan få til i kommunestyret.

– Eg trur mange unge vegrar seg, fordi dei er redde det tek for mykje tid. Og mange er vel litt opptekne av seg og sitt, seier han.

I opposisjon
– Vi ynskjer å satse på verdiskaping og nye arbeidsplassar, i enno større grad enn det vert gjort i dag, fortel Valdvik. Han meiner Vågå bør fokusere meir på lovpålagte oppgåve, som ein betre eldreomsorg, før dei initierer bygging av fleirbrukshall.

– For at kommunen skal utvikle seg meir i den retninga eg ynskjer, til dømes med bruk av fjellområda og jamfør økonomien, er tida for å engasjere seg no, fortel Valdvik.

Tverrpolitisk kaos?
Mange kommune har tverrpolitiske liste, som ikkje er knytt til bestemde parti og ikkje har nokon klar ideologi i botn. Valforskar Frank Aarebrot har tidligare uttala at slike bygdelister ofte handlar om lokale kampsakar, eller kan ha rot i grendesplid.

Bygdelista i Vågå har med folk frå Høgre, KrF og andre politiske parti.

– Det er ei utfordring, ikkje minst økonomisk å ha ei tverrpolitisk liste. Vi har ikkje noko partiapparat i ryggen, slik dei etablerte partia har, seier Tor Valdvik.

Likevel meiner han kommunepolitikk i stor grad går føre seg på tvers av partigrensene.

– Lista har politisk takhøgd, som er veldig viktig, seier han.

Kvar stemme
Tor Valdvik puttar energi i lokalpolitikken, for at Vågå skal verte ei kommune han lyst til å flytte attende til.

– Sjølv om eg er i opposisjon til ein god del, så har Vågå mange kvalitetar. Det er eit trygt og godt lokalsamfunn, og det er viktig det, held han fram.

LES MEIR: Oppdrag: Demokratiagent

Framfor nest val er Valdvik sitt mål å få engasjert meir av ungdommen, også 16- og 17-åringane.

– Det er viktig at vi faktisk tek med innspela frå dei inn i kommunestyret, seier Valdvik. Planen er å skipe eit mini-ungdomsparti under Bygdalista. Til sist er oppmodinga klar:

– Kvar stemme tel, spesielt i ei lita kommune, derfor er det viktig at alle bruker røysteretten sin, avsluttar Valdvik.