Oppdrag: Demokratiagent

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppdrag: Demokrati- agent

Demokratiagentane Livia Hølmo og Natalie Lillebråten er klare til å bruke røysteretten sin. Dei er vågverar, engasjerte i elevråd og ungdomsråd, og dei er demokratiagentar. Sjølv om ikkje alle politikarane har fått augo opp for den nye veljargruppa, er Vågå er ei av kommunane med forsøksordning med røysterett for 16- og 17-åringar ved haustens kommuneval. Og dei unge vågverene skal vite å bruke røysteretten sin, etter påtrykk frå bygdas store son Andrè Villa og demokratiagentane.

Agentane er ute på oppdrag med Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar(LNU). Målet er å få ungdom til å stemme 12. september.

Kjempeløyle
Seier Natalie og Livia om å få stemme til hausten.

– Det er viktig å vite konsekvensane, av valet vi gjer, seier agentane. Som demokratiagentar skal dei få resten av ungdomsgruppa rundt seg til å nytte røysteretten.

– Vi skriv mykje om å engasjere seg på Facebook, men vi kan ikkje gjere det så mykje at folk vert lei, ler agentane. Dei meiner dei kjem frå eit ungdomsmiljø der alle er engasjert, og får elles kunnskap om valet gjennom skulen og nettsida stem1209.

Ungdomshus meir interessant enn økonomi
Det er tradisjonelle saker, som er viktige for ungdommen i Vågå. Demokratiagentane bedyrar at ”ungdomssaker” er viktigare enn økonomi.

– Vi er litt uroa for ungdomshuset vårt, som er dyrt å drive og vi ynskjer jo meir aktivitet for ungdom. Men vi trur faktisk at det kjem til å ordne seg det også, seier Natalie og Livia.

Engasjement viktigast
Sjølv om tre av fem parti i Vågå, har kandidatar under 25, blant dei 5 øvste på lista, er ikkje det vesentleg for demokratiagentane.

– Vi kjem ikkje til å stemme på 18-åringane, for vi føler ikkje dei er engasjerte nok, seier Natalie og Livia. Ingen av partia har starta kampen om  16- og 17-åringane i Vågå, men demokratiagentane er klare:

– Det er ikkje alder eller erfaring, men at ein kandidat er engasjert som er det viktigaste!

LES OGSÅ: Utruleg mange unge vil stemma

Eli Lunde Svare er 19 år, og er 3. kandidat for Senterpariet.

– Det er utfordrande å engasjere seg sidan eg skal på Folkehøgskule til hausten, men eg har brei støtte i mitt eige parti.

– Eg har kanskje ikkje vore flink nok til å kome i kontakt med dei unge veljarane, samstundes vil eg ikkje berre vera ein ungdomspolitikar, for meg er veg like viktig som ungdomsaktivitetar.

Bygdelista for tverrpolitisk samarbeid har Tor Valdvik på 24 år, som sin andrekandidat.

– For oss er dei unge veljarane viktige, og vi skal mellom anna ha eit møte med 16- og 17- åringane, for å få med oss deira sakar inn i kommunestyret, fortel han.

Med statsminister og ordførar på laget
Tidligare i mai fekk Livia og Natalie møte statsminister Jens Stoltenberg under opninga av den nye barneskulen i kommunen.

– Han Rune berre bad oss komme ned å helse på hann Jens, fortel jentene.

– Vi visste ingenting, og hadde heilt vanlege klede og ingen bunad på.

Han Rune, er ordførar Rune Øygard. Det var han som fyrst hadde eit ynskje om at Vågå skulle verte med på prøveprosjektet med røysterett for 16- og 17-åringar.

LES OGSÅ: Modne før tida

– Det er ungdommen som skal forvalte samfunnet, og det er viktig at dei ikkje berre påverkar gjennom ”liksomdemokrati”, som ungdomsråd kan vera, seier Øygard. Han meiner 16 år er eit godt tidspunkt.

– Det er då du går ut av ungdomsskulen, og kan bestemme innhaldet i skulegongen sjølv.

Motargumenta
– Vaksne hugsar jo ikkje heilt korleis det er å vera ungdommar, derfor er det jo vi som må minne dei på det, seier Livia og Natalie. Også ordføraren trur røysteretten kan få fleire parti til å tenkje ungdom, og at dei unge kan vitalisere politikken i Vågå. På påstandane om at 16-åringane er for unge til å røyste, er svaret enkelt.

– Det er mange vaksne som ikkje er gode i hovudet heller, seier demokratiagentane.

Faktaboks

20 kommunar og sjølvstyret i Longyearbyen har forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar ved lokalvalet i år. Vågå er ein av kommunane som er med.

Les meir om valet på Stem1209.no!

Sjå videoen som skal få ungdommane i Vågå til å nytta røysteretten sin: