Modne før tida

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Modne før tida

– «Jippi! Endeleg!» tenkte eg då eg fekk høyre at vi får stemme. Eg synest det er skikkeleg kjekt at meininga vår skal bli høyrt, seier Silje Mari Barstad (16).

Saman med klassekameratane ved Spjelkavik ungdomsskole i Ålesund, skal Silje Mari vere med på prøvevalet for 16- og 17-åringar til kommunestyrevalet i haust.

20 utvalde kommunar er med på forsøket med nedsett stemmealder. Målet er å styrke politisk deltaking og engasjement hjå ungdom, ifølgje Regjeringa.no.

LES MEIR: 16-åringar er flinkare til å stemma

William Olsen (15) innrømmer at han synest det er stas å få stemme allereie som 16-åring.

– No ligg vi liksom litt føre alle dei andre, flirer han.

Stas å stemme
Ålesund kommune er ein av fire kommunar i landet som både testar ut nedsett stemmealder og elektronisk val til hausten. Men når Petter Fagerslett (15) fyrst får sjans til å stemme, vil han han ikkje gjere det på internett.

– Eg vil gå til stemmelokalet, det er sikkert meir stas enn å stemme på ein data heime. Det ser mykje proffare ut når du kan levere ein lapp, enn om du berre klikkar på dataen. Då blir det litt sånn «Hei, eg har stemmerett, eg er vaksen», flirer han.

Silje Mari vil heller nytte seg av mulegheita til å stemme elektronisk.

– Eg likar å halde på med data, det er enklare og tek kortare tid enn om eg må gå ein plass for å stemme.

Liksom-politikarar
Tiandeklassingane har allereie starta førebuingane til valet. I samfunnsfag har dei laga hefter om dei ulike partia, og seinare i år skal dei debattere mot kvarandre.

– Vi har fått tildelt ulike parti og tema, forklarer Alice Skuggen (16).

Oppgåva vidare blir å setje seg inn i politikken og argumenta til partiet dei skal representere, for så å prøve å vere den som argumenterer best for saka si.

Medan Alice skal representere SV og snakke om skatt, skal Silje vere partileiar i AP. Petter har fått i oppgåve å vere frå Frp og snakke og kollektivtransport, og William skal representere Høgre og snakke om karakterar i skulen.

LES MEIR: Her kan du sjå filmen som skal få 16-åringane i Ålesund til å stemme

Vi er viktige!
Gjengen på Spjelkavik ungdomsskole trur dei fleste 16- og 17-åringar som no har fått sjansen, kjem til å bruke stemmeretten sin.

– Sjølvsagt skal eg stemme, det er jo gøy!, seier Alice entusiastisk.

– Det er viktig at vi stemmer, for vi har kanskje andre synspunkt enn dei eldre. Vi har andre interesser enn dei, påpeikar Silje Mari.

Ho er ikkje i tvil om at stemmene til 16- og 17-åringane blir viktige til hausten:

– Det er jo vi som er framtida, ikkje dei vaksne.

 

Kva meiner du? Er 16 og 17-åringar vaksne nok til å stemme?