– Det har likevel vore som ein draum, seier reportar frå avisa Hordaland, Geir Geitle, rett etter prisutdelinga.
Sjølv om filmen ikkje fekk nokon pris, var det ingen sure miner.
– Det er eit eventyr berre og vera her, seier Geitle.
Litt av ei oppleving
Den amerikanske regissøren Terrence Malic vann Gullpalmen for filmen «The Tree of life», med Brad Pitt i hovudrolla.
Dei unge skodespelarane frå Voss har hatt litt av ei oppleving i Cannes, denne helga.
Dei har tråla opp den raude løparen heile tre gonger i løpet av helga og vore med på den store prisutdelinga.
Gode tilbakemeldingar
Filmen vart vist for publikum laurdag og den fekk svært gode tilbakemeldingar.
– Den fekk god applaus og det er heilt surrealistisk at ein film som er spela inn på Voss skal få sjansen til å verta vist for eit internasjonalt miljø som det er her, seier Geitle.
20 filmar konkurrerte om Gullpalmen, som er ein av dei gjævaste prisane innan filmbransjen.