Kontroversielle soldatar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kontro- versielle soldatar

Sundagar paraderer Mathismarkens Bataljon rundt i Sandviken på det tildelte området sitt. I strålande sol og avkjølande vind har tilhøyrarar samla seg for å høyre musikk frå slagverk.

– Vi er temmeleg få i dag, sidan det er konfirmasjon. På onsdag var vi 81, i dag berre 47.

Sjefsoffiser Chase Alexander Jordal er i det attande året sitt, og har eitt år igjen før han byrjar på studium og dermed forlèt buekorpset. Sidan 2004 har han paradert rundt i bergensgatene med anten våpen, trommer eller fane. Som sjef held han òg rangen ved like ved å rope kommandoar til dei små soldatane undervegs i runden.

– Buekorps var opphavleg ei kopiering av borgarvernet og har ein militær bakgrunn. Det er litt tilfeldig at eg vart med her framfor skulekorps. Dei hadde rekruttering på skulen vår, og uniformane så stilige ut for ein tolv år gammal gut, fortel Jordal.

Kurve på veg ned
Noko buekorpsa slit med er rekruttering. Sidan 1980-talet har det jamt over vorte færre medlemmar og frammøtte i korpsa. Torstein Thune, tidlegare aktiv og no skribent for buekorps.com, synst det er vanskeleg å forklare kvifor.

– Interessa går veldig i bølgjedalar. Det kan vere vanskeleg å seie noko om kvifor. Det kan vere foreldra ikkje fiksar transport når alle buekorpsa er ganske sentrumsnære. Men samstundes kan ein ikkje sleppe korpsa ut av sentrum, heller.

Thune slutta sjølv i korpset for nokre år sidan, i ein alder av 21. Det var aldersgrensen for hans Nordnes-korps.

– Det er litt av poenget, buekorps skal vere ein barne- og ungdomsorganisasjon. Dei skal styre seg sjølv, seier han.

Markante i bybiletet
Korpset svingar inn mot Bergen Kommunale Bygg sine blokker i Sophus Pihls gate, der mange studentar har heimen sitt. Taktfast blir det tromma i høgt tempo medan ein marsjerer nedover igjen. Aslak Johnsen tittar ut av vindauget langs vegen og likar det han ser.

– Buekorps er flotte greier. Tidlegare var det ingen bilar her oppe, og då var det mogleg å bruke heile gata, seier han.

Ikkje alle følar det same om buekorpsa som Johnsen. Langs vegen er det nokre som klagar over ropinga til soldatane, og ein kiosktilsett i nærleiken ser heller ikkje kvifor dette er så stas. Midt i vegen stoppar ein bil. Sjåføren hoppar ut, tek eit bilete av korpset og køyrer vidare. Det er himmel eller helvete i synspunkta om dei unge, lovande trommegutane.

– Dei forstyrrar og lagar mykje støy nær U.Pihl, seier årsstudent i psykologi, Bjørn Eirik Bø, som presiserer at han synest det er ei fin greie.

– Fint om dei hadde hatt talent og spela andre instrument, seier andre studentar.

– Gode på integrering
Jill Loga har skrive forskingsprosjekt om deltaking i foreiningsliv på Nygårdshøyden og området rundt Møhlenpris for Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor. I arbeidet vart ho overraska over den høge delen minoritetsbarn som tok del i buekorps, samanlikna med andre aktivitetar.

– Buekorps er jo knallokalt og patriotisk, og den eldste foreiningsforma som finst i området. Dei er ein del av andletet til Bergen, og ein skulle tru dette var ein lukka klubb som ikkje ynskte så mykje integrasjon. Men det viser seg at det er buekorps og fotball som har flest med minoritetsbakgrunn.

Ein ser i buekorpstoget denne sundagen at det er fleire med minoritetsbakgrunn til stades. Loga har sin eigen teori på kvifor buekorps skulle ha betre oppslutning blant minoritetar enn vanlege korps.

– Det er vanleg med færre innvandrarar i foreiningsliv som krev stor foreldredeltaking. Vanlege korps blir gjerne styrt av foreldre, medan i buekorps er sjefane unge. I tillegg er det få utstyrskrav for å spele i buekorps.

Etter tre kvarter med parade, spel og lydar er Mathismarkens Bataljon ferdige for denne gongen. Jordal synest det gjekk greitt, trass i manglande oppmøte. Kva dei som bur rundt han måtte meine er ikkje så farleg.

– Viss du flyttar til Sandviken, veit du at du får dette med på kjøpet.

LES SAKA I STUDVEST!