– Skuleval er sirkus

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tema for det første Stordtinget på Stord onsdag kveld, var korleis ein kunne få fleire unge i politikken. Og fleire av deltakarane peika på at skuleval og debattar i vidaregåande skular, slett ikkje er eigna til å fremja politisk engasjement hjå unge menneske.

– For å seie det rett ut. Skuleval er eit forbanna sirkus, sa ordførarkandidat i Stord Raudt, Lone Jørgensen.
 
Treng lokale folk
Ho fekk støtte av Senterpartiet sin ordførarkandidat Jakob Bjelland. Han er ein av dei yngste i politikken på Stord, trass i at han nærmar seg 40. Og har delteke i fleire skuledebattar på Stord.

– Dei fleste av partia stiller med folk frå Bergen når det er debattar på Stord. Men skal ein få seriøsitet i debattane, må ungdommen få debattar med lokale saker dei kan relatere seg til. Ikkje at det sit ein eller annan frå FrP i Bergen og skrik om gratis øl og røyking i skulegarden, sa Bjelland.

Kva meiner du? Sei di meining i debattforumet!

Utfordrar
Som utfordra alle partia som stiller til val på Stord om å stilla med lokale kandidatar når det blir debattar i skulane.

Onsdagens Storting samla om lag 70 stykkjer på Arena. Tema var korleis ein skal få fleire unge inn i politikken.  Men det spørst om ein kan gjere noko med det i neste kommunestyreperiode.

Snittalderen på dei fem øverste kandidatane på listene til partia på Stord, er heile 49 år.

LES SAKA PÅ SUNNHORDLAND.NO!