Når landets beste ungdomsbedrifter møtest til NM, er det tett mellom dei gode idéane.

– Er dette dei berykta fiskeburgarane?

Det tetnar til med nyfikne folk rundt standen til elevane frå Måløy vidaregåande skule.

– Vil du smake kanskje, spør Reidun Iren Gilleshammer og byr fram eit brett fylt med små burgarar av laks, røykt ørret og torsk .

I den store messehallen på Lillestrøm har ryktet gått om Måløyburgaren. Her er dei 71 beste ungdomsbedriftene i landet samla til NM med 17 ulike konkurransar. Med så mange unge gründerar under same tak er det tett mellom dei gode idéane.

– Kva med ei smaksprøve på Spagish?, spør Jens Aleksander Simonsen i ungdomsbedrifta Skårungen, og lokkar med pasta som inneheld 40% laks.

Ikkje berre gatekjøken
Sjølv om reglane for ungdomsbedrifter seier at bedrifta må avviklast etter eitt skuleår, kjem likevel fleire av produkta til å leve vidare. I Bergen har restauranten Pascal fått overlevert oppskrift på Måløyburgaren, som vil bli eit fast innslag på menyen. Og det er ikkje berre fiskeburgaren frå nordvestlandet som har fått forlenga levetid.

– Både Theaterkafeen og Nordisk kjøkkensjefkongress har bestilt ein haug av knekkebrøda våra, gliser marknadsansvarleg Marius Krog Bexrud i Knekk og Brekk UB.

Bedrifta frå Sotra vidaregåande skule har spesialisert seg på knekkebrødproduksjon, eller ekte staurbrød frå Sotra som dei kallar det. Namnet staurbrød kjem frå gamle dagar då dei laga runde knekkebrød med hol i midten og tredde dei inn på ein staur.

Knekk og Brekk UB er ikkje dei einaste som satsar tradisjonelt. På standen til Syltå UB står Pål Augdal frå Time vidaregåande skule og byr på rullepølse og persesylte (julesylte) frå Jæren.

– Vi ville vise den eldre garde at ungdommen òg klarer å lage tradisjonsmat, at vi ikkje berre går på gatekjøken, smiler Augdal.

Kvileband
Sjølv om det er tett mellom kvite kokkeluer når dei beste elevbedriftene i Noreg møtast, er det ikkje alle som tek utgangspunkt i mat.

– Vi har laga verdas mest bærbare stol!

Med eit regulerbart band som ein feste bak ryggen og over knea er Emir Hindic og Håkon Vikøren frå Bergen Handelsgym er sikre i si sak på at det bærbare stolkonseptet deira Sitteband UB kjem til å slå an.

– I fjor sommar var vi veldig mykje på festival, og kjente på behovet for støtte i ryggen etter å ha sitte veldig mykje på marka. Med sittebandet kan du sitte behageleg på golv eller mark i mange timar. Det einaste er at du kanskje kan bli litt sår i rumpa etterkvart, flirer Emir.

Tøft om mobbing
På standen til Ungdomsbedrifta Tøff? har dei ikkje eit fysisk produkt å vise fram, men derimot ein heil perm med positive tilbakemeldingar.

Dei sju trondheimsjentene frå Adolf Øien vidaregåande skule tilbyr føredrag om mobbing for ungdomsskuleelevar. Under føredraga fortel jentene om eigne opplevingar av å bli mobba og av å vere vitne til mobbing.

– Då blir det personleg og ekte for dei som høyrer på. Folk fortel oss at klassemiljøet er endra etter føredraget. Det har blitt slutt på dei ekle småkommentarane, fortel Trine Nordvik (17).

Føredraga har fått ein overveldande respons, og i mars var jentene i Tøff til og med på Stortinget og snakka om mobbing. Dei innrømmer at det blir vanskeleg å avvikle bedrifta til sommaren.

LES MEIR: Ungdomsbedrifter blir bedrifter

– Men vi tenker likevel på å halde fram eitt skuleår til. Vi har lyst til å lage ein mal slik at andre óg kan fortelje sine mobbehistorier, seier Silje Langsrud (18).


Grøn matpakke

Iført knallgrøne bukser står Stine Marie Eide Antonsen og Henrikke Emilsson på standen til "Green Between". Med grøne plastplater til å legge mellom brødskivene håpar jentene frå Bjerke vidaregåande skule i Oslo å gjere skulematen meir miljøvenleg.

– På skule et vi matpakke kvar dag, og tenkte plutseleg over kor mykje papir vi kasta. Slik kom idéen om et miljøvenleg mellomleggspapir.

Antonsen fortel at dei har stor tru på Green between:

– Vi må utnytte matpakkekulturen til nordmenn så godt vi kan!

 

Wow-faktor
Tilbake på Måløyburgarstanden er elevane i full gang med å dandere nok eit burgerfat.

– Vi har delt ut over 1000 burgerar sidan i går, fortel Mette Eggesbø.

At ho seinare på dag blir kåra til messa sin beste seljar er lett å forstå når ein høyrer entusiasmen i stemma hennar.

– Det er så artig å sjå ansikta på folk når dei tek ein bit og seier «Wow!». Alle som har smakt burgerane til no likar dei.

Og det har ho tydlegvis rett i, ifølgje ein av dei mange som stimlar rundt serveringsfatet.

– Eg har smakt fiskeburgar før, og det var heilt grusomt. Men denne var sjukt god. Kan eg få ein til?

 

Vidare til EM
Under messeavslutninga fredag ettermiddag blei vinnarane i alle dei 17 ulike konkurransekategoriane avslørt.

I kåringa av beste ungdomsbedrift blei Tøff UB løna for arbeidet sitt mot mobbing med ein fin tredjeplass. Gjennestad Group UB frå Gjennestad vgs stakk av med andreplassen.

Fyrsteplassen, og med det æra av å vere Noreg sin representant under EM i ungdomsbedrift i August, gjekk til Captura UB frå Hamar Katedralskole. Alle prisvinnarane dei ulike kategoriane kan du sjå her.


Sjå bileteserien under for fleire glimt frå NM i Ungdomsbedrift:

 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

LES OGSÅ

ANNONSE