Kvifor blir eg stoppa og ikkje pensjonisten?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor blir eg stoppa og ikkje pensjon- isten?

Torsdag var det trafikksikringsdag utanfor Fitjar vidaregåande skule, der mellom anna politiet deltok. Og framfor politibetjent James Leonard Tøsse og politistudent Simon Innvær, hagla spørsmåla frå elevane.

– Eg vart stoppa i kontroll. Då opplevde eg at politiet sjekka min bil grundig, medan dei som kom bak meg ikkje vart sjekka like nøye. Eg lurer på kvifor det er slik? spurde Tangen politiet.

– Du kan jo tenkja deg sjølv. Ville du ha stoppa ein litt eldre ungdomsbil, eller ein ny bil med ein pensjonist i? svara politibetjent Tøsse.
 
Film
Han forklarte vidare at politiet gjerne tar ein ekstra sjekk på dei typiske ungdomsbilane som vert køyrde av unge førarar, medan dei normalt ikkje brukar så mykje tid på ein 50-åring i ein nyare bil.

– Dei fleste lurer på kor mykje dei får i bot om dei vert tekne i den og den hastigheita, eller når dei kan køyre dagen etter dei har vore på fest. Me ser at dei er mest opptekne av desse spørsmåla, ikkje kva slags konsekvensar ei ulukke kan få, seier Tøsse.

Under trafikksikringsdagen vart det vist filmar som synte kva slags konsekvensar ei trafikkulukke kunne få.

LES OGSÅ: – Menn under 23 bør ikkje få lappen

– Då sat alle så tause at ein kunne høyre ei knappenål falla, fortel Ellinor Austad Bergesen, som er dagleg leiar for Frivillighetssentralen på Fitjar.

Ho har vore med i ei arbeidsgruppe som arrangerte gårsdagens trafikksikringsdag.

Elevinspektør Hilde Førre ved Fitjar vidaregåande skule meiner det er svært viktig å ha slike dagar. Tal frå Trygg Trafikk syner at 29,3 prosent av alle som mista livet i trafikken i 2009, er ungdom mellom 15 og 24 år.

– Det er viktig at me som vaksne bryr oss om ungdommen og at me freistar å skapa gode haldningar, seier ho.

Sei ifrå
Det er ikkje berre haldningane hjå sjåføren som er viktige. Passasjerane må og læra seg å seia ifrå om det går for fort eller om nokon køyrer med promille.

– Dei heiter "sei ifrå." Det er ein sjølvsagt bodskap, men ein kan ikkje få repetert det nok, seier ho.

Leif-André Tangen lova å tenkja på den alvorlege bodskapen frå trafikksikringsdagen, når han skulle ut å køyra neste gong. Sjølv har han opplevd at det nesten gjekk gale under ein tur frå Leirvik til Fitjar ein sein nattetime.

– Eg vakna då eg var på veg ut av vegen. Det gjekk bra, men eg har lært at ein må stansa og ta seg ein kvil om ein er trøytt. Ikkje berre køyre vidare sjølv om ein snart er heime, seier han.

LES MEIR OM TRAFIKKTRYGGLEIK!

På trafikksikringsdagen deltok også Statens vegvesen, Naf, Redningsselskapet, ordførar Harald Rydland, prest Olav J. Oma, lokalt kriseteam, og Sunnhordland trafikkopplæring.

I tillegg til prat med politiet og film, fekk elevane mellom anna prøvd bråstopp i 10 km/t, å snurra med bil, samd freista å gå med såkalla "promillebriller." Brillene tilsvara at du hadde opp mot 2,0 i promille.

– Alt forskauv seg, seier Kathrine Hilland, som freista å gå med promillebrillene langs ei kvit linja.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!