Vann med beste manus
"Få meg på, for faen" vann på Tribeca-festitvalen.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Filmen "Få meg på, for faen" og regissør Jannicke Systad Jacobsen har vunne pris for beste manus på Tribeca Filmfestival i New York.
– Samrøystes, dette er det beste manuset, seier juryen om filmen som også får med seg 5000 dollar.
Filmen er den første norske som nokon gong er vald ut til å vere med i hovudkonkurransen i denne filmfestivalen.
LES OGSÅ: Gode kritikkar på Tribeca
Få meg på, for faen, er basert på bok ved same namn av Olaug Nilssen, og hadde premiere i New York påskeaftan.
Filmen har ordinær kinopremiere 18. august.