“Kjøttsår” til Cannes

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regissør er Lisa Marie Gamlem. Filmen konkurrerer med åtte andre kortfilmar, syner programmet som vart offentleggjort tysdag.

Manuset til "Kjøttsår" er skrive av Jørn Kurt Bergo, frå Ulvik.

Filmen vart mellom anna spela inn på Voss ungdomsskule og i eit gamalt hus på nedre Grauo. Tre unge vossingar debuterte som skodespelarar i filmen.

Filmen handlar om dagen derpå for ein 13 år gamal gut som har drukke seg full på fest.

– Det handlar om samtalane han har med ulike menneske, fortel Gamlem til Aftenposten.

Manuset til filmen er skrive på nynorsk, og er allereie prislønna.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!

Sjå intervju med henne under:

Faktaboks

Manuset til Kjøttsår vann førstepremien i manuskonkurransen til Sørnorsk filmsenter/Barnefilmfestivalen i 2008. Kjøttsår har fått 800 000 kroner i produksjonstilskot frå NFI, og er også finansiert av Sørnorsk filmsenter, Vestnorsk filmsenter, Fond for lyd og bilde og Cultiva.

I alt er ni filmar fra ni ulike land tatt ut til årets kortfilmprogram i Cannes. Festivaljuryen vert leia i år av Michel Gondry. Det er fem år siden Bobbie Peers vann Norges første Gullpalme med kortfilmen Sniffer i same konkurranse.