– Noko anna enn Harry Potter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rupert Grint, som har rolla som den engelske soldaten Robert Smith, er unekteleg den største stjerna i filmen. Han er gjennom ti år mest kjent som bestekompisen til Harry Potter, men er nå glad at han får ei anna type rolle å spela.

– Dette blir noko heilt anna enn Harry Potter-filmane som var ferdig innspelt i fjor. Og det å spela inn denne filmen der det heile verkeleg skjedde er òg spesielt, tykkjer han.

Fjuken fekk møte den sympatiske og beskjedne karen under ei pause i filmskytinga fredag.

– Eg har verkeleg elska opphaldet her, det har vore ei fantastisk erfaring, seier Grint.

Han har ikkje møtt snø eller særleg styggevêr før han vart kasta ut i vinteren på Grotli.

QUIZ: Kva trylleformlar frå Harry Potter kjenner du igjen?

– Klimaet her er heilt vilt, seier han. Eg var på ingen måte førebudd på det som møtte meg, det har vore ekstreme forhold. På ei anna side har det vore forfriskande og bli kasta ut i dette miljøet.

Forholda på Grotli og fjellet elles har vore tøffe dei siste vekene, så vi skjønar at opplevingane og kontrastane har vore store for den britiske skodespelaren.  I ein del av scenene som er spelt inn, har Grint gått på ski.

– Eg har aldri prøvd det før, og eg kjempa noko før eg fekk det til, men eg har kome meg, seier Grint.

Da Fjuken seier han vart observert i alpinbakken ei helg, skrattar han.

– Såg du meg? Ja, som sagt eg har aldri prøvd det. Ungar på fire år kom i full fart nedover bakken, og eg hadde meir enn nok med å halde meg på føtene.

Rupert Grint er også imponert over flyet som blir brukt i filmen.

– Det er heilt utruleg, det blir nokre kule scener med flyet, seier han.  Som den største stjerna, har Grint eit apparat rundt seg som stadig passar på, men tilstandene i Grotli og Skjåk kan ikkje samanliknast med dei han er van med elles.  – Det er mykje meir avslappa her, innrømmer Grint.   Ned til pause og møtet med Fjuken, kom Grint på scooter.

– Fyrste gongen eg prøvde det i dag. It was really good fun, seier han. Eg vil gjerne koma attende, kanskje om våren eller sommaren. Naturen her er flott, og alle folka eg har møtt er kjempetrivelege, seier Rupert Grint og ynskjer alle ei god påske. Etter påska flytter heile produksjonen til Sverige, der innandørsscenene skal spelast inn.

 LES SAKA I FJUKEN!