Over 60 prosent av ungdom under 26 år vil stemma ved valet. Resultatet er så godt at kommunane knapt trur det sjølv.

mm

Ved siste val røysta litt over 30 prosent av ungdom under 26 år. I ei undersøking Respons Analyse har gjort for KS første veka i april, svarte 62 prosent at dei vil røyste ved vala til hausten.

På eit ungdomsseminar på Litteraturhuset i Oslo tysdag, sa Kjell Erik Saure, fagsjef i KS, at han ikkje trur valdeltakinga vil bli så høg.

Administrerande direktør Sigrun Vågeng uttrykkjer seg litt meir diplomatisk.

– Viss det skjer, er det ei stor endring. Undersøkinga er først og fremst eit signal til ungdomspartia om at dei må jobba for å få ungdomen til å røysta, seier Vågeng, ifølgje Kommunal Rapport.

Mindre interessert i politikk
Den same undersøkinga fortel at litt under 50 prosent av ungdomane er lite eller ikkje interessert i politikk. Byungdom er litt meir interessert enn bygdeungdom. Dei høgt utdanna er meir interessert enn dei lågt utdanna.

– Det er eit problem at ein i ungdomskulen veit kva FN er, men at ein ikkje veit korleis eit kommunestyre fungerer, sa Johannes Rindal frå Senterungdommen på seminaret, og etterlyste meir opplæring i skulen.

Ungdomspolitikarane var samde om at det er viktig å styrkja det lokalet handlingsrommet, og at frie midlar bidreg til dette.

– Om ein blir engasjert i ei lokalpolitisk sak, er det lettare å engasjere seg i ei ny sak, sa Mette Valle frå AUF, ifølgje ks.no.

Henrik Asheim frå Unge Høgre meinte at det er ei partipolitisk oppgåve å få inn unge representantar til kommunestyra, og at det er viktig at ungdomspolitikarar blir oppfordra til å ta ansvar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.30

Kommentarar

ANNONSE