Hordaland Teater – gjerne med neonbokstavar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hordaland Teater – gjerne med neon- bokstavar

– Idag lanserer me på nytt idéen om Hordaland sitt nynorske teater, midt i byen slik som intensjonen var! sa styreleiar Ågot Valle og presenterte dei tre samarbeidspartnarane: teatersjef Trond Birkedal i Hordaland Teater, teatersjef Erik Ulfsby ved Det norske Teatet og teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og Fjordane Teater, samt initiativtakar Jon Fosse. Ho fortsette med å visa til Edvar Hoem: «Teateret bør ha sete i Bergen. Du organiserer ikkje eit profesjonelt teater utan at det er eit solid publikumsgrunnlag der teateret er stasjonert».

Og det var denne bodskapen som hovudsakleg kom fram: Hordaland Teater må inn til sentrum. Den noverande tilhaldsstaden på Stend vert avvikla så snart ein får eit eigna lokale på plass.

Til sentrum
Jon Fosse la vekt på kor viktig det er med ei eiga nynorskscene:

– Grunnmisjonen no er å få teateret inn til sentrum, eit eige bygg der Hordaland Teater skal høyra heime. Det er språket som skal vera i fokus. Det er klart at ein lyt ha eit eige hus for nynorsken i nynorskhovudstaden – dette har vore draumen til nynorskingane i generasjonar, sa Fosse, som gjerne støttar Ulfsby sitt forslag om eit neonskilt med «Nynorskhuset» i store bokstavar!

Urban ungdom diggar nynorsk
På spørsmål frå salen om det ikkje kom til å bli motstand mot så klar nynorskprofil, tok ein annan frå salen, varafylkesordførar Tom-Christer Nilsen, ordet og sa det var i såfall på høg tid at ein fekk gjort til skamme slike haldningar. Erik Ulfsby ved Det norske Teatret supplerte ved å visa til at 70.000 ungdom vitja teateret i Oslo i fjor, noko som tydar på at urban ungdom diggar Hank von Helvete på nynorsk.

Terje Lyngstad kunne annonsera at den fyrste produksjonen allereie er under planleggjing: «Dyrehagen Hardanger» av Jon Fosse skal oppførast januar 2012. Kva scene det blir på, gjenstår å sjå.

Nynorsk Kultursentrum sende helsing og gratulasjonar til trekantsamarbeidet og lova si fulle støtte som ein annan god nynorsk aktør utanfor hovudstaden.