Vil ha ny fjellvettregel

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha ny fjellvett- regel

Dette kan gi auka risiko for skredulykker.

No meiner Den Norske Turistforening det er behov for ein ny regel som fokuserer på å ta trygge vegval for å unngå skred.

Trass i at skred er den desidert største trusselen ved ferdsel i fjellet vinterstid står det i dag ingenting om snøskred i fjellvettsreglane.

– No bør ein vurdere om ein skal oppdatere fjellvettsreglane med ein regel som dekkjer dette, meiner generalsekretær Kristin Krohn Devold.

Ho peikar på at den endelege ordlyden ikkje er bestemt.

Hugseregel
Fjellvettsreglane vart utvikla av Turistforeningen og Røde Kors etter ulykkespåsken 1967, og ein mogleg ny regel skal utviklast i fellesskap. DNT har likevel nokre forslag ein kan jobbe vidare med.

– En måte å formulere den 10. regelen på kan vera “Ta trygge vegval i vinterfjellet. Lær deg å vurdere skredfaren”, seier Kristin Krohn Devold til turistforeningen.no.

Turistforeningen ser også behov for at det blir utvikla eit meir detaljert sett av skredvettsreglar med viktige hugsereglar for turfolk som oppheld seg i skredfarleg terreng.

Krohn Devold seier at føremålet med fjellvettsreglane er å førebyggje ulykker i fjellet og at reglane må vera i tråd dagens friluftslivskultur.

– I DNT har våre fagfolk peika på at det er ein endra turkultur. Det er fleire som driv med bratt skikøyring.

Vi har fått betre utstyr, sesongen for toppturar er utvida, og dessverre har det vore for mange ulykker knytte til skred dei seinare åra.

160 har mista livet
Om det skjer endringar i friluftslivet og måten folk oppfører seg på i fjellet, må ein også kunne endre reglane, seier generalsekretæren.

Dei siste 40 åra har 160 menneske mista livet i snøskred.

Dei fleste ulykkene skjer i samband med friluftsliv.

Då DNT tok opp spørsmålet om behovet for ein ny regel i siste nummer av Fjell og Vidde resulterte dette i ein engasjert debatt på Turistforeningens Facebooksider.

Til saman kom det inn over hundre forslag til ein ny regel. Dei fleste relaterer seg til å ta omsyn til skredfare.

DEL BILETE FRÅ FJELLTUREN DIN HER!