Jenta med eit rykte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hei! Kjekt å møte deg. Har du lyst på whiskey?

Ida Maria and The Reputation er akkurat ferdig med lydprøve til konserten til kvelden på Blæst. Kjærasten Stefan, som òg er gitarist i bandet, sprett opp frå barkrakken.

– Sjølvsagt skal ho ha whiskey. Eg lagar til, utbryt han.

Vi sit i baren i andre etasjen, vorspielstemninga er påtakeleg. Ho tenner ein røyk og spør meg kva eg studerer, medan han serverer whiskey og ingefærøl i eit old fashioned glas.

Ida Maria er ute på norgesturnè, før dei skal ha ein skrivepause i Stefans heimby, Stockholm. Sommaren er allereie fullbooka etter sleppet av den siste plata, Katla.

Politikar vs. artist
Ida Maria meiner artistar kan gjere noko for miljøet dei omgjev seg med. På spørsmål om kva for ein reell effekt ho trur veldedigheitssongene til norske artistar eigenleg har, avbryt ho med latteren boblande i halsen.

– Ja, for dei låtane blir jo alltid så jævleg dårlege! Nokre er derimot veldig flinke til å uttrykkje seg gjennom musikken, som Bob Dylan. Det er enno ikkje alle forunnt.

Hun oppfordrar heller artistane til å brette opp erma og plante tre i Arizona. Sjølv stiller ho til val for SV i kommunestyret i Nesna.

– Eg står på sjetteplass på lista, så eg blir nok ikkje ordførar. Det hadde eg ikkje hatt tid til. Å stille til val var litt impulsivt. Eg veit ikkje korleis eg skal bidra, kanskje spele på eit julebord eller noko?

Stortingspolitikar kunne ho aldri ha tenkt seg å bli, og hevdar det er høvet til å påverke kva som skjer på Nesna som får det til å klø i fingrane. Hovudmålsetaden er å skape eit engasjerande ungdomshus.

– Nokre må fortelje ungdomen kva for høve dei har. På ein slikt stad kan unge møtast, inspirere og rettleie kvarandre.

Kjønn vs. artist
Ida Maria meiner mange med mykje makt i norsk musikkbransje pushar eit idealbilete av kvinna på artistane.

– Eg er her for å vise at vi kan spele gitar og skrive låtar akkurat like bra som gutane.

Ho ser på Stefan og ler.

– Kanskje ikkje like godt som Stefan. Men uansett. Eg er veldig oppteke av fridomen til kvinner og rettar. Det å bli møtt med respekt. I USA er det kvinneidealet heilt crazy!

Då Ida Maria signerte kontrakt med Sony BMG tok dei fullstendig kontrollen over imaget hennar. Ho skildrar ein konsensus som er veldig «Hollywood» i heile USA.

– På fotoshoot ville dei eg skulle ha på meg sko i storleik 35 fordi det såg betre ut. Eg brukar 41. Viss eg skulle klippe håret, flekka folk opp mobilen og ringte rundt for å få godkjenning. Så pressa dei meg inn i Spanx, ulike «hold-in»-produkt, for at eg skulle få timeglassfigur.

Rebel with a cause
Etter ein periode som konstant rebell, med harde kampar for å kunne vere sjef over eige utsjåande, fekk ho nok. Fuck det, tenkte ho. Etter å ha signert med Mercury Records, får ho avgjere sjølv.

– Eg er forfengeleg, men vil vere det på måten min. Vi må frigjere oss for å gjere det vi skal, slutte med alt dette dillet.

Ho stiller spørsmål ved bodskapen til Lady Gaga.

– Kva vil ho med dei hælane? Forkrøple kvinna? Det endar opp med at vi må finne oss ein rik mann for å finansiere heile festen.

– Er det difor du har funne deg ein fattiglus som meg, mumlar Stefan frå barkrakken.

Ida Maria ler. Igjen.

LES SAKA I UNDER DUSKEN (på bokmål)!

Faktaboks

Ida Maria
* Alder: 26 år
* Yrke: Artist og distriktspolitiker (SV)
* Aktuell med: Norgesturne
* Tilrår i vår: Laundromat på Bislett. Bestet i verda pizza, øl og betjening.