Ap på veg opp, Høgre framleis størst

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre ville enno ha fått størst oppslutnad dersom det var kommunestyreval i dag. Det viser Norfakta og Landslaget for lokalaviser (LLA) sin siste meiningsmåling.

Norfakta og LLA har spurt folk i heile landet om kva dei ville ha røysta dersom det var kommunestyreval no. Samanlikna med valet for fire år sidan, har Høgre framleis ein sterk framgang gjennom ein oppslutnad på nesten 28 prosent, meir enn åtte prosentpoeng samanlikna med førre kommunestyreval. Likevel er høgrebølgja svakare enn ved førre Norfakta/LLA-måling, i og med at partiet går tilbake 2,4 prosentpoeng sidan januar.

Det er særleg Arbeidarpartiet som gjer eit hopp på den siste målinga si. Ap går fram med 3,8 prosentpoeng. Òg Senterpartiet, som i mange år har forsynt seg svært godt av ordførerverva i heile landet, er blant partia som opplever framgang.

Professor Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen synest den siste meiningsmålinga er som forventa:

– Det har vore litt bråk rundt Frp, Høgre mistar litt her og der og Arbeidarpartiet er vorte til å kjenna igjen og er vorte flinkare til å mobilisere heimesitjarane. Rikspolitikken set nok òg preget sitt på kva folk ville ha røysta på i eit kommunestyreval, seier Aarebrot i ei pressemelding.

Faktaboks

April-målinga:
Ap: 26,3
Frp: 16,5
H: 27,7
KrF: 6,5
Sp: 6,6
SV: 4,9
V: 5,5
R: 1,9
Andre: 4,2