Under halvparten kan røyste

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Av dei 43 000 Oslo-studentane som tek opp studielån er det 18 000 som er folkeregistrert med røysterett i byen. Godt over halvparten av studentane får dermed ikkje høve til å røyste i Oslo ved kommunevalet i september. Kva gjer dette med lokalpolitikken?

Svak veljargruppe
Leiar i Velferdstinget i Oslo og Akershus (VT), Magnus Nystrand, synest det låge stemmetalet er uheldig.

– Det er veldig synd at så få kan røyste her. Det gjer at studentane som interessegruppe står svakare, og utan høve til løne eller straffe partia for god eller dårleg politikk, seier han.

Nystrand trur at dei 60 000 studentane i Oslo ville fått eit større fokus i lokalpolitikken viss fleire av dei røysta i Oslo.

QUIZ: Kva veit du om lokaldemokratiet vårt?

– Sakar som kjem lengre ned på dagsorden ville bli meir aktuelt, som studentar sin bustasituasjon, kollektivtrafikk og kulturtilbod. I dag handlar lokalpolitikken i alt for liten grad om studentane, seier han.

Krangling om vegstubbar
Raudt-politikar i bystyret Ingrid Baltzersen er samd i at studentane blir nedprioritert.

– Eg synest ikkje lokalpolitikarane bryr seg nok om studentane. Dei prioriterer bydelar og yrkesgrupper der valoppslutninga er størst, seier ho.

Som lokalpolitikar er Baltzersen godt over middels engasjert i korleis byen blir styrt. Slik har det ikkje alltid vore.

– Lokalpolitikk vert ofte framstillt som krangling om vegstubber. Eg brydde meg ikkje så mykje om lokalpolitikk før eg etablerte meg her, men mykje av det vi gjer i bystyret er aktuelt for studentar, seier ho.

Baltzersen meiner uteliv, kollektivtrafikk, badeplassar, studentbustader og opningstider bør vere viktig for dei unge i byen. Studentane kan få gjennomslag på desse områda viss dei røystar fram lydhøyre politikarar, trur ho.

– Viss alle Oslo-studentar hadde røysta ved lokalvalet, ville vi fått mange fleire studentbustader. Dei kunne dei gjort politikken meir radikal, seier ho.

Latskap
Moldensaren Øysten Reistadbakk har studert i Oslo sidan 2006, men er framleis folkeregistrert i heimbyen.

– Eg ville ha røysta i Oslo viss eg var folkeregistrert her, men hittil har eg ikkje sett nokon grunn til å endre adressa. Eg kjenner størst tilhørsle til Molde, og er meir oppteke av det som skjer der.

Lektorstudenten les lokalavisa si på nett, men følgjer elles marginalt med i kommunepolitikken heime. Ved éit høve drog han heim for å røyste.

– Det er mest av praktiske omsyn og latskap at eg ikkje har folkeregistrert meg i Oslo. Eg har høyrt at det skal vere økonomiske fordelar ved å ha adresse registrert heime, siar Reistadbakk.

Ingen særeigen gruppe
Valforskar Hanne Marthe Narud er usikker på kva for ei tyding stemma til studentane har i kommunepolitikken.

– Studentane ville vore ei viktigare veljarmasse viss alle melde flytting til Oslo. Likevel er ikkje studentane ei særeigen gruppe i lokalpolitikken, og det er ikkje sikkert det ville hatt noko stor tyding om fleire kunne røyste her, seier ho.

Byråd for finans og høgrepolitikar Kristin Vinje seier ho er oppteke av forsking og utdanning same kor mange studentar som røystar i Oslo.

– Vi ville ikkje endra politikk dersom det var fleire som studentar som røysta her.

– Dei er ei viktig målgruppe uansett der dei røystar. Oslo er vertskapsby for over 60 000 studentar, og desse skal ha det godt her sjølv om dei vel å røyste i heimkommunen, seier ho.

LES SISTE NYTT OM LOKALVALET 2011!

I Oslo er det mange interessegrupper som slåst om merksemda til Vinje.

– Studentane her er ikkje like markante i bybiletet som i andre byar med færre fasilitetar. Det er mogleg Trondheim satsar meir på akkurat studentane, seier ho.  

Uengasjerte studentar
Ved lokalvalet i 2003 røysta rekordlåge 40 prosent av innbyggjarane i landet under 30 år. Fleire av politikar trur ikkje studentane er særleg interessert i lokalpolitikk.

– Det er naturleg for studentar å ikkje bry seg så mykje om lokalpolitikken. Det blir litt fjernt for dei, seier Baltzersen.

Magnus Halle, byrådssekretær for kultur og utdanning, trur kommunepolitikk er mest interessant for dei etablerte og fastbuande.

– Det er mogleg Oslo-studentane følar at lokalsakene blir litt vel lokale for dei. Det kan bli lite mykje prat om den rundkøyringa på Tåsen.

Velferdstingsleiar Nystrand kjenner igjen desse utsegnene frå møte med byrådet.

– I Oslo byråd finst det ei oppfatning om at studentane ikkje betyr så mykje i lokalpolitikken, og at dei ikkje er ei relevant nok veljargruppe, seier han.

Han seier dette er ei misoppfatning som dei vil endre på.

– Eg trur studentane her bryr seg om lokalpolitikken. Fleire burde difor folkeregistrere seg i Oslo. Eg har ikkje gjort det sjølv, og tek sjølvkritikk på det, men eg skal gjere det!

LES SAKA I UNIVERSITAS!