Kreativitet utan aldersgrense

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kreativitet utan alders- grense

Konseptet er at kven som helst under 23 år kan sende inn manuskript. Målgruppa er den same som forfattarane, «unge vaksne», som Sivertstøl kallar dei.

Dei unge vaksne, som ho karakteriserer som folk mellom 18-25 år, er ei særeigen gruppe med spesielle interesser, meiner ho.

– Eg merkar at fantasy står veldig sterkt hos desse. Det som er populært hos unge voksne er ikkje like populært for dei som er 40 år. Dei som er unge kjenner til Facebook og andre ting som eldre ikkje kjenner til, derfor kan dette bli brukt i tekstane, seier ho.

Som ein av fordelane ved å vere eit lite forlag, trekk Sivertstøl fram det personlege forholdet dei får med forfattarane. Men ein del kluss i papira har det likevel vore.

– I den første boka til ein av forfattarane våre skjedde det ein grusom feil av han som fekk oppgåva med korrekturlesinga. Han sa den var korrigert og gav oss klarsignal til å trykke den. Men det viste seg at den var full av feil og manglar, seier ho.

– Som redaktør står eg likevel ansvarleg for at boka held kvalitet, så eg tek med meg dette vidare som ei erfaring, og kjem til å gjere ein innsats for betre kvalitetssikring ved seinare utgjevingar. Eg er jo berre 20 år, og lærer enno, seier den unge forlagssjefen for Pathera Publishing.

Tapar kampen
Gro Jørstad Nilsen, bokanmeldar i BT og forfattar, meinar nye forlag har potensiale til å utvikle seg, og at utfordringa ligg i å få fram dei gode sidene ved å vere mindre.

– Jo meir profesjonell ein er i alle ledd, jo betre blir bøkene. Større forlag har også meir erfaring i å sjå kva som er bra og dårlig, men dette kan samtidig føre til at friskheita i bøkene forsvinn, seier Nilsen.

Sjølv om anmeldaren syns Panthera er modige som tar ein sjanse, trur ho mange gode bøker forsvinn under små forlag og at desse sjeldan blir å sjå i bokhandelen.

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest rosa forlag

– Det utgis mange bøker heile tida, og ein kan ikkje anmelde alle. Det er her dei etablerte forlaga vinn i kampen om merksemda. Ein må velje og dette kan føre til at mange som kanskje fortener det ikkje blir oppdaga, trur anmeldaren.

Sjølv om Nilsen syns dei yngre forfattarane skriv med ei respektlausheit som er bra, er ho ikkje einig i Sivertstøl si klassifisering av unge vaksne.

– Eg trur ikkje gruppa 18-25 år er ei særeigen gruppe. Eg trur det går meir på individuelle forskjellar, om kva ein har lest før og kva ein likar, så eg skjønnar ikkje kvifor dei har sett denne grensa. Eg trur det er like mykje mangfald der som i andre lesargrupper, seier Nilsen.

Viktig å kvalitetsikre
Øyvind Pharo, forlagsredaktør i Aschehoug, meinar derimot at unge vaksne er ein viktig kategori og synest det er interessant med eit forlag som berre fokuserer på unge.

– Unge vaksne er jo studentar, så å skrive bøker for å fange opp dei som er under utdanning er viktig, seier Pharo.

Han meiner det er mange måtar å måle kvalitet i litteratur på, men vrir om på spørsmålet.

– Du kan seie det slik at me konkurrerer om dei attraktive forfattarane, og kven er det dei beste forfattarane går til, spør forlagsredaktøren.

Pharo trekk fram innkjøpsordninga som eit godt middel til å kvalitetsikre litteratur.

– Det er kostbart å gi ut bøker, og dersom dei ikkje blir kjøpt opp, kan dette skape stor økonomisk belastning for små forlag, men denne ordninga er også med på å kvalitetssikre, seier Pharo

Vil satse stort
Sunniva Relling Berg er student ved Skrivekunstakademiet i Bergen, og har sjølv ein draum om å bli forfattar, men er ikkje sikker på om ho ville ha satsa på eit lite forlag.

LES OGSÅ: Unge lesarar får eiga nettside

– Eg trur eg skulle hatt ein god grunn for å gi ut bok der. Større forlag har meir erfaring med å gi ut bøker og har fleire midler til marknadsføring, seier Berg.

Ho meinar at det kanskje kan gå utover kvaliteten ved å vere knytt til eit mindre selskap.

– Det kjem an på, men eg trur det er større fare for at kvaliteten kan bli dårleg ved mindre forlag. Ved å gi ut bok på eit større forlag, der nålauga er mindre, får ein meir bekreftelse på at det ein har skrive er bra, meinar studenten.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

PANTHERA PUBLISHING
    * Grunnlagt i 2009 av Anette Sivertstøl.
    * Konseptet er unge forfattarar til unge lesarar.
    * Alle under 23 år kan sende inn sitt manus.
    * Målgruppa er lesarar mellom 18-25 år.
Kjelde: pantheralife.no