Kva skjedde eigentleg no?
Simon Alvsvåg (18) og Kristian Bjelland (18) er hekta på trylling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skarpe lyset skin. Sveitten dryp ned i auga og pulsen stig til eit litt ukomfortabelt nivå. Du står spent og ser utover publikum. Handa er i ferd med å avslutta det siste geniale trylletrikset.
Så blir det stille. Heilt stille. Publikum sit eit lite augneblikk og undrar seg over det som nett skjedde, men reiser seg så og klappar vilt. Du kjenner heile kroppen blir fylt med ein glede, smilet brettar seg utover andletet og du veit du klarte det igjen. Dette er opplevinga Simon og Kristian er hekta på.
Fekk inspirasjon frå Gazki
Simon og Kristian byrja å trylla for tre år sidan. Det heile starta med at dei var på eit trylleshow som vart arrangert av Ruben Gazki. Han er ein gjennomført tryllekunstrar som kan lura dei fleste. Her lærte dei to ungdommane små triks frå masteren sjølv, og blei både oppfordra av Gazki, og inspirerte til å begynna med trylling.
– Ja, og etter den dagen for tre år sidan så har me hatt rundt 80 store og små show, smiler Alvsvåg.
Høve til å gje noko
Gutane frå Bømlo sitt show har gleda og forundra mange.
– Grunnen til at me held på med dette er jo fordi det er utruleg kjekt. Men mest fordi ein får høve til og gje folk noko, samstundes som me får noko tilbake, seier Kristian.
– Etter at me byrja å trylla har me blitt betre kjende med kvarandre, så hobbyen har definitivt gjeve oss noko på det området også, seier Simon.
– Heile poenget med trylling er jo å få publikum til å spørja seg spørsmålet: «kva skjedde no?». Det er dette som er så kjekt, røper Kristian.
Rolege tider
Sidan Kristian no har vorte busett i Stavanger, så har det ikkje vore så mange framsyningar for dei to ungdommane.
– Me håpar jo på at det kan bli litt fleire show no når Kristian skal flytta heim att, seier Simon og ser håpefult på Kristian.
Innhaldet som gutane gjev showa sine varierer ofte.
– Kva aldersgruppe publikum ligg i er jo avgjerande for kva innhald som er i showet. Me har halde show for alle aldersgrupper, og er derfor vane med å ha mykje ulikt på programmet, uttalar Alvsvåg.
Ikkje noko levebrød
– Me ser jo på dette som ein hobby, og derfor legg me ikkje opp til å tena dei store summane, seier Simon.
Ei oppleving gutane hadde var då dei kom ut på scena i idrettshallen, og blei overraska då dei såg 1.600 tilskodarar.
Bømlingane har ingen store framtidsplanar for hobbyen sin, men kjem til å halda på så lenge folk tykkjer dei er interessante og vil oppleva talentet deira. Simon og Kristian er også veldig glade for konstruktiv kritikk og tilbakemeldingar. Dei ønskjer å forbetra seg på flest område der det trengst.