Skjulte saker til topps

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skjulte saker UB tok heile tre prisar med beste ungdomsbedrift, beste forretningsplan og 3. plass som inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift). Fem jenter er med i ungdomsbedrifta Charlotte Davidsen, Lisa Kleppe Ottesen, Mariel Sandanger, Gina Helvik Roll, Henriette Alstadsæter.

Dei fem jentene har utvikla eit praktisk lommeband som fungerer som alternativ til veske. I lommebandet er det plass til mobiltelefon, pengar, bankkort etc. Den kan festast rundt låret og høver godt når ein går med kjole eller ønskjer å legge igjen veska heime.

Andreplass til Odda
Supporter+ UB frå Odda vidaregåande skule tok andre plass med opplegget for leksehjelp på nettet. Der er også fem jenter med: Sandra Gjester Hoel, Tonje Aase, Ida Damkjær Syse, Thea Midtun og Elise Karlsen Bye.

Totalt 40 prisar i 15 ulike kategoriar vart delt ut på den 10. fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Hordaland. I alt 500 elevar frå 98 ungdomsbedrifter deltok. 50 dommarar frå næringslivet hadde ein vanskeleg jobb med å skilje ut de beste.

Imponerte minister og TV2
– Nivået på dei beste er høgt og kan måle seg med både studentbedrifter og vanlege bedrifter, sa NHH-professor Tor Johannessen, som var ein av fire dommarar i klassen størst verdiskapingspotensiale. Dommarane frå TV2 var og imponert.

– Vinnar av reklamefilmklassen er på profesjonelt nivå og kunne godt vore vist på TV2, sa Ole Martin Rongved i TV2, som vil invitere vinnarbedrifta Klimax UB frå Akademiet videregående skole til eit nærmare samarbeid.

Nærings- og handelsminister Trond Giske vitja fylkesmessa, og vart imponert over kreativiteten og engasjementet i ungdomsbedriftene. Statsråden fikk med seg både iGloves og andre UB-produkt, og avslutta sitt besøk med å dele ut priser i kategorien Størst verdiskapingspotensiale.

Fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter vart skipa til i Grieghallen i Bergen. Fire av vinnarbedriftene får vere med i NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm i mai.