– Farleg utvikling i Libya

Sosialistisk Ungdom åtvarar mot at FN-resolusjonen blir til nytta å igangsetje ein langvarig og aggressiv militæraksjon.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er rett av FN å gripa inn for å verna sivile, men Noreg kan ikkje under nokre omstende bidra til ein militær operasjon som har som mål å fjerna Gaddafi-diktaturet gjennom utanlandsk våpankraft, seier sentralstyret til Sosialistisk Ungdom i ein uttale i dag, måndag.

Tryggleiksrådet til FN godtek sist torsdag bruk av militærmakt for å verna den libyske sivilbefolkninga. Fleire land har sett inn militære ressursar for å oppretta ei flyforbodssone over Libya.

LES SISTE UTANRIKSNYTT!

– Åtaka på dei militære i Libya har vore omfattande, utan at det er klart kven som leiar operasjonen, kven som skal delta i dei militære handlingane eller kva for langsiktige mål operasjon “Odyssey Dawn” har. Sosialistisk Ungdom vil særleg åtvare mot at FN-resolusjonen blir til nytta å igangsetje ein langvarig og aggressiv militæraksjon der FN og utanlandske styrkar aktiv blir del av ein borgarkrig, eller der vestlege land brukar resolusjonen i tryggleiksrådet som påskot for å tvinga fram eit regimeskifte i Libya.

– Dersom operasjonen ikkje blir avgrensa til å forsvare sivilbefolkningen frå konkrete truslar, men vert utvidar til ein åtakskrig mot regjeringa og hæren til Gaddafi, vil det både vera eit klart brot på mandatet frå tryggleiksrådet og difor òg folkeretten, åtvarar Sosialistisk Ungdom.

Norske jagarfly er no stasjonert på Kreta, men forsvarsminister Grete Faremo seier til NRK.no at dei ikkje vil bli sendt inn i Libya før det er klart kven som har kommandoen over operasjonen i Libya.

Kva meiner du? Bør Noreg hjelpa til med å styrta Gaddafi-regimet?