Vest er best

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skotten og Harvard-professoren Niall Ferguson er kan henda verdas mest kjende historikar. Han er truleg også ein av dei beste, og i eliteserien er han tvillaust den mest produktive. No kjem han med bok kvar tiande månad og med ein større fjernsynsserie snart kvart år. Men ikkje berre er han produktiv, han er òg forfriskande reaksjonær. Midt under ei hylling av atombomba som den store fredsskaparen og sjølve krondømet på Vestens fram­gang­ar kjem han brått på at det var jødar med. Då finn han det for godt å laga ein fotnote, i den står det fylgjande:

«Rolla til jødane i det vestlege intellektuelle livet i det tjuande hundreåret – særleg i USA – var heilt ute av proporsjonar, som igjen truleg syner vel så mykje ein genetisk fordel som ein kulturell.» Så byrjar ikkje-jøden å telja jødar i Amerika: «Jødane utgjer 0,2 prosent av folkesetnaden i verda og 2 prosent av den amerikanske. Jødane vann (i førre hundreår) 22 prosent av alle nobelprisar, 20 prosent av alle Fields-medaljar i matematikk og 67 prosent av alle John Clarke Bates-medaljar for økonomar under førti år. Jødane vann også 38 prosent av oscarane for beste regissør, 20 prosent av pulitzerprisane for sakprosa og 13 prosent av Grammy Lifetime Achievement Awards.» Seinare legg han rosande ut om kor mange jødar som styrer den amerikanske kapitalismen.

Men er Vesten berre framgang? Nei, ikkje modernismen: «Å reisa inn bak jarnteppet i 1968 var som å gå gjennom ‘The looking glass’ (slå opp referansen). Gjester frå Vesten fann mykje som var likt. Byplanleggjarane i båe helvtene av Europa hadde gjort dei same mistaka: Jaga menneske frå bykjernane for så å lata dei verta stengde inne i motbydelege, dårleg bygde og brutalistiske blokker i den funksjonalistiske Bauhaus-stilen som hadde hypnotisert arkitektane i etterkrigstida.» Går det an ikkje å lika ein mann som skriv slikt?

Til verdas fordel
Niall Ferguson er den sakprosaforfattaren eg set størst pris på for tida, og Civilization, soga om kvifor Vesten tok over verda og det til verdas fordel, er ein sann svir å lesa. Eg finn lite eg er usamd i, men boka er nær sagt som vanleg for raskt skriven og samanraska og ber preg av for store hopp på kryss og tvers. Men så er ho heller ikkje meint for slike som meg, som kan ein del historie; ho er meint for oppegåande ungdom som treng å læra seg historie. Civilization er enkelt og greitt ei skulebok i sogelære og bygd på ein utvida skulefjernsynsserie om vestleg tenkjing og handling sidan 1500. Den førre serien han laga, om finansielle kriser i historia, gjekk elles på NRK så seint som i 2009 og i 2010, men denne vert neppe kjøpt inn. Han er nok for tydeleg, fornuftig og reaksjonær til at NRK kan våga noko slikt.

Grunnen til at Ferguson skreiv boka og laga serien, er den miserable tilstanden vestleg historieundervising er inne i, fortel han i føreordet. «I vel tretti år no har unge folk ved vestlege skular og universitet fått ei progressiv utdaning utan samstundes å få røynleg historisk kunnskap. Dei har lært seg isolerte ‘modular’, ikkje forteljingar, og langt mindre kronologi. (…) Dei har vorte oppmuntra til å kjenna sympati med oppdikta romerske centuriar eller offer for holocaust, men ikkje i å skriva essay om kvifor og korleis prøvingane deira oppstod.» Han siterer frå kunnskapsgransking­ar som syner at faktakunnskapane i historie mellom dei fremste britiske studentane er nær null. Berre 34 prosent ved eit leiande universitet visste kven som var engelsk monark under åtaket frå den spanske armadaen, 31 prosent visste kvar boarkrigen hadde gått føre seg.

Det er med den låge historiekunnskapen som bakteppe det vert forståeleg at Tory-statsminister David Cameron har gjeve nett Niall Ferguson oppgåva å gå gjennom det britiske skulepensumet i historie og gjera fundamentale endringar, for Ferguson er ein tradisjonell, stolt britisk historikar. Ferguson lid nemleg ikkje av dårleg samvit for det Storbritannia – etter hans syn den største progressive krafta i verdshistoria – har gjort gjennom soga. Civilization er truleg den fyrste av ei rekkje liknande bøker.

Svara
Så kva er det som har gjeve Vesten, særleg den protestantiske delen, denne store og siviliserande rolla? Ferguson gjev seks delsvar, ingen av dei kan seiast å vera nye: 1) Konkurranse, både mellom småstatar og verksemder, den politiske og økonomiske makta var desentralisert og ikkje monopolisert. 2) Vitskap, som gav oss høve til både å forstå og å endra naturen og som igjen gav oss enorm militær makt. (I dag meiner han at kanskje det beste dømet er Israel versus arabarverda. Mellom 1980 og 2000 vart det registrert 7652 patent i Israel, i den samla arabarverda var det same talet 367.) 3) Eigedomsrett, og ein rettsstat og eit valdsmonopol som både handheva denne og mekla mellom ulike partar. 4) Medisin, som fyrst i Vesten, så i koloniane, gav ein dramatisk auke både i livskvalitet og levealder. 5) Konsum, at vi heile tida har vore viljuge til å auka forbruket vårt for slik å halda kapitalismen oppe. 6) Arbeidsviljen, eit moralsk råmeverk som mellom anna kom frå protestantismen.

Vala verkar som alle slike val, noko tilfellelege. Kvifor skulle til dømes ikkje medisin koma inn under vitskap og så bortetter? Men ved å dela inn grunnlaget for Vestens suksess i seks bitar får han både ein kort og effektiv fjernsynsserie og høve til å dela inn boka i passande og pedagogiske «apps» som han kallar dei.

Trugsmålet
Ser så Ferguson trugsmål mot denne modellen? Både ja og nei. Han syner at alle land som har hatt suksess i etterkrigstida, har fått denne suksessen på basis av vestlege verdiar, særleg dei søraustasiatiske landa og Kina, og slik kjem det til å halda fram, trur han. Men for Vesten sjølv, og særleg Europa, ser han to trugsmål: hedonisme og vantande tru på eigen kultur. Vi i Europa har vorte altfor opptekne av konsumbiten til ulempe for arbeidsbiten. I tillegg vantar vi musklar og vilje og sjølvtillit til å stå imot islam, ei religiøs kraft som Ferguson meiner har degenerert i snart fem hundre år. Sidan han har vigt boka til kjærasten Ayaan Hirsi Ali, er dette siste neppe uventa. Mot USA ser han særleg to trugsmål: den vantande spareviljen som manifesterer seg i enorme underskot og dimed dramatiske veksande ubalansar i framtida, og skort på gode skular.

Ferguson er som vi forstår ein konservativ patriot på vegner av Vesten, og som konservative flest kjenner han ei djup uro for det han ser. Sidan boka er for velskriven og sjåvinistisk til nokon gong å koma på pensum ved norske utdaningsinstitusjonar, er det berre eitt å gjera for ambisiøse norske mellomlagsforeldre: Ut å kjøpa boka til tenåringane.

LES MELDINGA I DAG OG TID!

Faktaboks

SAKPROSA
Niall Ferguson:
Civilization. The West and the Rest
Allen Lane 2011