Adecco-syndromet

Fredric Holen Bjørdal
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Adecco- syndromet

AUF har lenge vore kritisk til den auka bruken av vikarbyrå i Noreg. Den siste tida sine skandalar, mellom anna på Ammerudlunden sjukeheim i Oslo, viser at kritikken vår er berettiga. Det har igjen blitt dokumentert at Adecco og andre vikarbyrå bryt arbeidsmiljølova og driv rovdrift på dei tilsette. I dømet frå Ammerudlunden måtte dei tilsette jobbe 80-90-timars arbeidsveke, sove i bomberommet for å rekke neste vakt, og fekk korkje overtidsbetaling eller andre rettar dei har krav på. Leiinga i Adecco skulda på dei tilsette, og hevda at dei hadde ønska det sjølv, at turnusen var ein «ønsketurnus».

Det seier seg sjølv at dette går utover kvaliteten på arbeidet og dermed tilbodet til brukarane, og det viser seg gong på gong at det er hald i AUF sine innvendingar mot konkurranseutsetjing av offentlege oppgåver. Eg er sjølvsagt ikkje negativ til all vikarbruk, det er heilt naudsynt for å dekke opp for sjukdom og anna fråvere. Problemet oppstår når vikarbyråa blir nytta til å drive sjukeheimar og liknande ved at kommunen set desse oppgåvene ut på anbod. Kommersielle aktørar som Adecco har ikkje som mål å gje brukarane det beste tilbodet, dei har som mål å tene mest mogleg pengar på drifta. På ein sjukeheim er det ikkje mange stadar det går an å spare, bortsett frå på løn og vilkår for dei tilsette.

AUF kan ikkje vere med på at arbeidsmiljølova skal vere ei annanrangs lov som det skal gå an å bryte utan at det får konsekvensar, og vi har difor meldt Adecco til politiet. Diverre fryktar vi at sakene som har kome fram i media berre er toppen av isfjellet. Byrådet i Oslo er no i ferd med å setje tre nye sjukeheimar ut på anbod. Frå både sjukeheimssektoren og andre sektorar veit vi at kontraktsbrot og lovbrot frå private aktørar ikkje får nokon konsekvens dersom dei lovar bot og betring. Då får dei delta på nytt i anbodskonkurransen.

Å setje bestemor ut på anbod fører ikkje til valfridom og sunn konkurranse, slik Høgre og Framstegspartiet påstår, men fører i staden til ei brutalisering av arbeidslivet og eit utrygt og dårlegare tilbod for bestemor. AUF meiner at eldreomsorg er ei offentleg oppgåve. Ingen skal tene pengar på å gje våre besteforeldre ein uverdig eldreomsorg og våre foreldre elendige arbeidsvilkår.