Augevitne til revolusjonen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Augevitne til revolu- sjonen

 Kvifor lukkast egyptarane i å kasta presidenten?

I Egypt er det organiseringa som har lukkast. Dei som tende revolusjonen var unge Facebook-aktivistar frå middelklassen, men det hadde ikkje vore mogleg utan at lågtløna, arbeidsledige og marginaliserte blei med. Etter kvart slutta intellektuelle, dommarar, journalistar, legar og fagforeiningar seg til. Då regjeringa stengde Internett, måtte folk ut i gatene. Kampropet var «brød, verdigheit og rettferd». For første gong tok dei i bruk flaget som symbol på at dette gjeld heile Egypt.

Kva skjer nå med Mubarak og maktapparatet rundt han?

Militæret styrer fram til valet i september. Det forhatte tryggingspolitiet skal behandlast gjennom rettsvesenet. Innanriksministeren er allereie no i fengsel. Mubarak bur trygt i Sharm el Sheikh der han får jamnleg besøk av støttespelarane sine. Vi må hugse på at han er ein gammal krigshelt, som leia landet i to viktige krigar, og han har halde fred i 30 år. Rikdommen hans er derimot ikkje trygg i Egypt. Om han ikkje blir stevna for retten, er det i alle fall mogleg at pengane kjem tilbake til staten.

TEMA: LES SISTE UTANRIKSNYTT!

Korleis pregar revolusjonen egyptarane?

Dei er stolte over å vere egyptarar no. Då politiet blei tatt ut av gatene, gjekk innbyggjarane ut og passa eigne nabolag. Dei byrja mellom anna å kjeldesortere søppelet. Aldri før har Kairo vore så ordentleg og organisert. Det vaks fram ei dugnadsand. Folk kom med malespann og kost og malte over grafittien.

Kva er dei største utfordringane framover?

Alle partia diskuterer korleis ein kan få ein god og fredeleg prosess fram til valet. Militæret må gi frå seg makta til ei folkevald, sivil regjering. Den økonomiske situasjonen er ei stor utfordring, men landet har ressursar, som til dømes Suez-kanalen, turisme, bomull og noko olje. Styresmaktene må lukkast i å organisere dette, og administrere pengane rett.

Korleis skal det gå i valet når over halvparten av veljarmassen er analfabetar?

Det er det ingen som veit, men under revolusjonen oppfatta eg at lågklassen òg snakka om politikk. 44 prosent av befolkninga kan ikkje lese og skrive, men eg såg fleire gonger nokon som sat og las avisa for ei gruppe folk. Dei diskuterte kvar ei setning. Engasjementet er der, no må dei lære korleis stemmegiving føregår.

Finst det per i dag ein presidentkandidat som kan få bukt med fattigdomen, korrupsjonen og analfabetismen?

Dei ulike partia er først og fremst opptatt av å byggje ein plattform å gå ut ifrå, så kjem kandidaten frå dette. Den neste presidenten kan ikkje halde fram som forgjengarane. Folk har forventningar no. Alle kjenner vegen til Tahrir-plassen. Dei har gått der før, og dei går der igjen om det skulle bli nødvendig.

Vil dei politiske omveltingane påverke tryggleiken for turistane?

Ja, men ikkje slik folk gjerne trur. Det har vore trygt å reise til Egypt nesten heile tida. No sender folk rundt pamflettar for å minne folk på korleis det var under revolusjonen. Det står om korleis kvinnene fekk gå fritt på gata utan å bli trakasserte. Det blir oppfordra til å ikkje køyre for fort og ikkje kaste søppel i gatene. Turistane vil merke den positive effekten av dette.

LES SAKA I STUDVEST!