Droppar sjøkabel

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Olje- og energiminister Terje Riis Johansen (Sp) har kome fram til at det ikkje skal byggast sjøkabel i Hardanger. Dermed blir det som Statnett først ville: kraftmaster langs nordsida av Hardangerfjorden.

– Å byggje Sima-Samnanger som luftledning er den beste løysinga som gjev oss den naudsynte tryggleiken for strømforsyning til bergensregionen både på kort og lang sikt, seier erje Riis-Johansen på ei pressekonferanse som starta klokka 14 tysdag.

Kommunane er lova 100 millionar i kompensasjon for at det kjem linjer over land. Det er 400 millionar kroner mindre enn blant anna Hordaland Ap har reist krav om. For ein månad sidan blei det lagt fram fire rapportar om sjøkabelalternativet. Desse viste at det ville kosta kring 3,5 milliardar kroner meir å føra straumen fram under fjorden.

LES ALT OM KRAFTLINJESAKA!

– Rapportane til utvala og høyringsrunden har gjeve oss eit utvida kunnskapsgrunnlag for dei vurderingane som no er gjort. Utvala stadfestar at sjøkabelløysinga er teknisk mogleg, men vil bli dyrare og ta vesentleg lengre tid å få på plass. Kvar utsetjing svekkjer forsyningstryggleiken og aukar risikoen for at bergensregionen må etablerast som eige prisområde for å avgrensa forbruket i kalde periodar. Som ansvarleg energiminister kan eg ikkje gå på akkord med krava til sikker straumleveranse for Noregs nest største by i åra framover, seier Terje Riis-Johansen.