Det neste er det beste

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er nextopia ?

– Det er det fantastiske som folk ser i «det neste», til dømes den neste ferien, den neste jobben, den neste festen. Vi vil alltid oppleve det neste, og føler at dette er noko vi berre må oppleve. Men når vi er der, så forsvinn denne gleda, for då er det ikkje «det neste» lenger.

Er dette eit moderne fenomen?

– Det er ei fundamental programmering vi finn hos menneska, og ein av grunnane til at vi har kome så langt. Det er denne tankegangen som har drege oss igjennom evolusjonen og ført til at vi har den økonomien, velstanden og globaliseringa vi finn i verda i dag. Tusenårsskiftet var nok det kritiske punktet der vi fekk kjensla av at no kunne vi klare å gjere kva som helst, når som helst. Internett og det at vi har råd til å gjere nesten kva vi vil har vore drivarar i denne utviklinga.

Kva samfunnsmessige konsekvensar har denne tenkjemåten?

– Den har mange positive konsekvensar, som at vi kjem til å leve lenger. Vi kan ikkje forklare auka levealder berre ut ifrå auka velstand og betre helsestell. Det har også med tenkjemåten å gjere, dette at vi heile tida må oppleve noko meir og gjere noko nytt. I tillegg gjer det at vi er kreative lenger, som igjen aukar innovasjonstakten. Vi veit aldri kva som kjem, men må heile tida jobbe mot noko nytt.

Manglar vi evna til å leve i «nuet»?

– Alle vil leve i «nuet», men ingen klarer det heilt. Vi set oss store mål langt fram i tid, men i staden for bør vi heller fokusere på å vere lukkelege på vegen og ha små delmål vi kan nå heile tida. I ei bedrift kan ein tilsett for eksempel jobbe seg i hel i tre år for ei forfremjing som gjer at han kan kjøpe ein ny bil. Så er han kanskje lukkeleg i tre månader. Eg trur det viktige er å ikkje fokusere så langt fram i tid. Lev i morgondagen, ikkje eitt år fram i tid.

Skaper dette store forventningar til oss sjølve også?

– Utbrentheit kjem ofte av stress på grunn av alt vi skal gjere, ikkje alt vi faktisk har gjort. Undersøkingar har synt at vi blir tidlegare og tidlegare utbrent, altså er det ikkje fordi vi har jobba så forferdeleg lenge. Det er også noko som heiter «lukke-stress». Det er stress fordi ein ikkje kjenner seg lukkeleg nok. Nivået på lukka til folk er generelt sett høgt, men vi blir ikkje nøgde med anna enn det aller beste.

LES SAKA I STUDVEST!