Krev ein halv milliard for luftspenn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dersom Olje- og energidepartementet (OED) vel å oppretthalda konsesjon for luftline Sima-Samnanger, må den økonomiske kompensasjonen aukast frå 100 millionar til 500 millionar kroner – i tillegg til avbøtande tiltak, seier Hordaland fylkeskommune i høyringsfråsegna si.

Fylkeskommunen ynskjer ikkje luftspenn, vert det slått fast i fråsegna, som er gjeven til sjøkabelutgreiingane som vart lagde fram 1. februar.

Kompensasjon
Dersom OED likevel vel å oppretthalda konsesjonen for luftline Sima-Samnanger, vil dei be departementet gå i dialog med dei råka kommunane og fylkeskommunen med tanke på kompenserande tiltak. Den økonomiske kompensasjonen som er lova til kommunane frå regjeringa på 100 millionar kroner bør aukast til 500 millionar kroner, i tillegg til dei avbøtande tiltaka, meiner fylkeskommunen.

Uansett endeleg val av alternativ må kulturminnekonfliktane løysast. Regjeringa si satsing på energieffektivisering lyt også styrkast. Hardanger har eit unikt landskap og må verdsetjast deretter, heiter det i pressemeldinga frå Hordaland fylkeskommune.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!