Familieliv

Ruth Lillegraven debuterte i Store stygge dikt i 2005, ei samling personlege kvardagsbilete. Vel fem år seinare er ho klar med bok nummer to, romanen Mellom oss.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Små skjulte rom og mørke krokar

– Det var aldri nokon plan om at det skulle ta så lang tid, seier Lillegraven.

– Men eg måtte lære meg å skrive romanar. Dikta kom lettare og vart til slutt ei samling. Dette var eit heilt anna prosjekt, med mange idear og tema som eg ville ha med. Den har dessutan ein struktur som eg har brukt mykje tid på å få til.

Mellom oss sirklar rundt ein familie og tre generasjonar. Alle ber på sine løyndomar og alle har ting dei ikkje set ord på. Handlinga strekkjer seg frå motstandsarbeid under 2. verdskrigen til prostitusjon i vår eiga tid, frå Santiago, via Natzweiler og til ei udefinert bygd på Vestlandet. Gjennom innsyn i dei mange karakterane får me lesarar eit overblikk som personane i boka berre kan drøyme om.  

– Forma på boka kom til undervegs. Det var fleire emne som eg hadde lyst til å skrive om, t.d. prostitusjon, motstandsarbeid under krigen, kva fylgjer store politiske og historiske hendingar får på einskildmenneske.  Slike konkrete emne. Viktigast var likevel at eg hadde lyst til å skrive om livet i ein familie. For ein ting er kva som hender med dei ulike personane, like viktig er det som hender mellom generasjonane. Kva får ein med seg frå heimen?     

Kvifor familie?

– Vel, nokon kan seie at det er aktuelt, og nokon vil seie det har blitt gjort ein million gonger før. På den andre sida kan du seie at familien endrar seg, me har andre familiar no enn kva som var før. Familie er interessant, så lenge det blir skrive på ein relevant og interessant måte. Nokre vil hevde at familien har andre utfordingar no enn før. Eg trur eigentleg ikkje at folk er så ulike, før og no. Ikkje anna enn det som skil tida dei levde og lever i. Sjølv om det er mange tiår mellom barnebarn og bestefar, så tenkjer dei nokolunde likt. Dei har alle sine løyndomar.

Kor open skal ein vere?

– Det er det fleire som har spurd om, men eg føler ikkje at det er ein moral i boka om at alt skal på bordet. Stundom kunne det ha vore bra å ha lufta ut, i alle fall for nokre av menneska i boka mi. Nokre gonger kan det vere best å berre halde munn og leggje ting til sides. Det kan vere den einaste løysinga for å kunne leve med ting. Men eg har ikkje nokon fasit. Eg ville berre skildre dette. Eg trur at det finst løyndomar i dei aller fleste familiar. Skjulte ting som ein ikkje snakkar om. Det treng ikkje vere så ekstremt som i boka, men likevel. Boka er ein freistnad på å skildre løyndomar og korleis menneske lever med dei.

Det som ligg i skjul er vel ofte kopla mot skam?

– Ja, det er det nok. Og slik er det i boka mi òg.

– I boka er det ein arkitekt som har ein fasinasjon for Kurt Schwitters, og særleg hans Merzbau. Det var eit kunstverk som han bygde i sitt eige husvære, eit evigvarande byggjeprosjekt der Schwitters stadig bygde små rom, skuffer og skap. Den rosande omtalen av både kunstnar og kunstverk kan minne om opningstalen til ei Schwitters-ustilling. Er det taleskrivaren som kjem fram her?

– Eg har berre tenkt at den valdsamme Schwitters-fasinasjonen er eit uttrykk for korleis han er som type. For meg er taleskrivinga og den skjønnlitterære skrivinga heilt ulike verder. Men eg kan jo ikkje seie at eg aldri blir influert, så om du meiner du såg det, så. Men det er kjekt du kjem inn på det, for eg ser på Merzbau som ein metafor på romanen. Den er kaotisk, full av små skjulte rom og mørke krokar. Som livet generelt.

Kva med tittelen? Den ligg vel ikkje særleg langt frå Mellom oss sagt av Marit Eikemo. Boka di kunne vel eigentleg heitt det same

– Eg er samd i at titlane ligg tett opp til einannan, men eg er ikkje samd i at det tyder det same. Eg meiner det ligg ulike ting der. Eg må likevel innrømme at det var forstyrrande at det var ei bok som hadde nesten den same tittelen, men det greidde eg etter kvart å gløyme. Eg tykkjer boka har ein god og treffande tittel.    

Er det enklare å kome med bok nummer to enn då du debuterte?

– Det er nok litt lettare, dette er eit mindre personleg prosjekt og eg har blitt fem år eldre. Men det er likevel overraskande tøft, særleg med lunkne meldingar. Eg høyrer forfattarar som seier at det berre blir verre og verre. Og det er jo meir skummelt med noko som ein har brukt så lang tid på, og ein er jo redd for å vere dårleg. Ingen vil jo vere det.

Faktaboks

Ruth Lillegraven er aktuell med boka Mellom oss.
Debuterte i 2005 med Store stygge dikt.
Arbeider som taleskrivar i Samferdselsdepartementet.