Vann sølv med fiskeburger

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er glade og stolte, seiar Sandra Kristine Refvik frå Taste of Måløy UB som var med å ta imot sølvmedaljen på SMAK-2011 messa 9. februar på Lillestrøm.

– Det er ei oppleving å få vere med på dette. Vi har sett masse spennande, lært masse nytt og vi har til og med møtt Arne Brimi, seiar den unge gourmeten kokken frå Måløy til ue.no.

Skryt frå ministeren
Fiskeriminister Lisbeth Berg Hansen sto for prisutdelinga og innleia med ein flott omtale av Taste of Måløy UB og ungdomsbedrifta måla sine. Etter premieutdelinga sa ho til elevane at ho ville kome innom skulen og helse på dei når ho skulle til Måløy, fordi ho synest det var så flott og viktig arbeid Taste of Måløy UB dreiv med.

LES OGSÅ: Distrikta meir nyskapande enn Oslo

Måløyburgeren består av lokale råvarer; laks frå Coast Seafood, torsk frå Skulebas og røykt ørret frå Havsmak UB. Burgeren vert servert med ramsløksdressing, salat og råsteikte poteter. Ramsløken er plukka i Måløy.

Flinke seljarar
Representantar frå Taste of Måløy UB presenterte seg på Ått same dag som ein del av dei regionale UB presentasjonane i Sokn og Fjordane. Mona Sundsøy frå Taste of Måløy UB sa dette om å drive ungdomsbedrift:

– Vi har valt å ha denne ungdomsbedrifta fordi det er eit givande arbeid for oss på mange måtar. Vi lærer om samarbeid på eit profesjonelt nivå som vi i Taste of Måløy UB har med lokale føretak og næringslivet i Måløy. Vi lærer å take store oppgåver som å ta hand om økonomi, marknadsføring, produksjon og leiing. Vi aukar våre faglege kunnskapar gjennom mykje godt arbeid og handtering av mat. Vi bli flinke seljarar fordi vi har kontakt med publikum på ein kompetent måte. Vi blir gode på å kommunisere og å gjere produktet vårt "Måløy Burgeren" gjenkjent.